Oddveig: – Sjølvsagt er eg først ute

752
Oddveig er bak luke nummer 1.

1. des: Oddveig er for tida tillittsau i den vesle saueflokken på Fjellet. – Heilt naturleg at eg er første sau ut i kaldendaren til sauen.no, seier Oddveig.

Etter eit stort internt press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalendar der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.

Oddveig er fødd 13. april 2016 og er dotter av Kosinus og Gråvar. Berre to år gammal vart ho tillitssau i flokken.

– Kva artikkel vil du trekke fram frå sauen.no?

– Det er sjølvsagt då eg kuppa tillitsvervet frå Haldis under eit ekstraordinært sauemøte.

Oddveig er ny tillitssau

– Kva tykkjer du om Fjellaren?

– Det er veldig enkelt å vere tillitssau når ein har ein sauebonde som er så enkel på alle område, seier Oddveig, og gremmer seg.

Oddveig er veldig tydeleg på at sauen.no helst skal bruke arkivbilde i saka. Når vi leitar fram eit ferskt bilde forstår vi kvifor denne fasadebyggaren av ein sau krev arkivbilde.

Oddveig ser slik ut i dag. Søya insisterer no på å berre stille opp på profilbilde.

Her er eit utval av bilde frå livet til Oddveig:

Oddveig i profli, slik som ho vil ha det framover. (Foto: Håvar Fagerli)
Oddveig frå hennar glsansdagar med to horn. (Foto: Håvar Fagerli)
bilder av sau, sau, lerret, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, gammalnorsk spælsau
Oddveig held alltid eit auge på Fjellaren. (Foto: Håvar Fagerli)
Førre artikkelKvalitetssiktra skinn til sals
Neste artikkelSaudny: – Eg har eit namn som forpliktar