Saudny: – Eg har eit namn som forpliktar

469
Saudny er luke nummer to. (Foto: Håvar Fagerli)

2. des: Saudny er kalla opp etter mormora, som igjen er kalla opp etter sjølvaste Svigermora på garden . – Det er ikkje berre enkelt å traske rundt med dette namnet, seier Saudny.

Etter eit stort internt press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalendar der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.

Saudny er fødd 18. april 2017 og er dotter av Helga Saudnydott og Gråvar. Saudny likar å sjå seg rundt, og er kjent for å ha auga med seg.

– Kva artikkel vil du trekke fram frå sauen.no?

– Tanta mi, Haldis Saudnydott, var tidlegare tillitssau i flokken. Det var tøffe tak for både ho og familien. Spesielt vanskeleg vart det då Haldis vart utsett for netthets av søya Bjarnhild:

Trugar med å gå av

– Kva tykkjer du om Fjellaren?

– Eg tykkjer synd på Svigermora, og har stor medkjensle med ho. Det seier vel sitt om kva eg tykkjer om Fjellaren, seier Saudny.

Saudny vil gjerne dele litt om mormora si:

Saudny Fjellrosedott (10006)

Førre artikkelOddveig: – Sjølvsagt er eg først ute
Neste artikkelSerianna: Ei sjølvsikker søye som likar seg i rampelyset saman med vêrane