Kosinus var ein sau som likte både kos og vinklar. Den vinkelinteresserte sauen har blant anna engasjert seg mykje i Fjellaren sine byggjeprosjekt.
Seinhausten 2016 takka Kosinus for seg, då ho døydde på post. Fjellaren fann Kosinus liggande død ved fôringsområdet.
– Eg vart veldig lei meg den dagen dette hende. Eg var svært glad i Kosinus. Det var no ein grunn til at ho hadde det namnet. Det er i grunnen litt fint å kjenne på at ein er så glad i søyene at ein opplever denne sorgkjensla når dei ikkje er der lenger, seier Fjellaren til sauen.no.
De kan lese meir om Kosinus her.

Far: 10024 (O. Schei) Mor: 10001 (O. Schei)
Etterkomarar:
2016: 60012s, 60016s
2015: 50009v
2014: 44018s
2013: –