3. des: Serianna er ei søye som likar vêrar, drama og kosar seg framfor fotoapparatet. – Eg er den finaste søya i flokken, seier Serianna.
Etter eit stort internt press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalendar der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.
Serianna er fødd 26.04.2018, og er dotter av tillitssau Oddveig og vêren Adam. – Eg er 110 prosent meg sjølv og elskar fine vêrar, seier Serianna.
– Kva artikkel vil du trekke fram på sauen.no?
– Det må sjølvsagt vere artikkelen med denne spennande bildeserien, seier den vêrglade søya:
– Kva tykkjer du om Fjellaren?
– Kven er det?
