4. des: Elsesysta er systra til Else. – Eg har mykje å leve opp til, og det viktigaste er å gjere det godt for dei rundt meg.
Etter eit stort internt press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalendar der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.
Elsesysta er fødd 17.04.2019, og er dotter av den kjende gjerdetesaren Emilie og vêren Larsen. Elseysta er som sagt også kjent som systra til Else.
Flokken er einige om at Elsesysta er ei omorgsfull, omtenksam og snill søye. Ho tek godt vare på alle lamma i flokken og stiller opp der Fjellaren og andre søyer sviktar. Kvar haust held Elsesysta nyttige kurs for uerfarne søyer og vêrar, men då Elsesysta sette prevensjon på pensum vart ikkje det godt motteke av Fjellaren.
– Kva artikkel vil du trekke fram på sauen.no?
– Mor mi, Emile, er vidgjeten for den gode jobben ho gjorde som gjerdetestar på garden. I 2019 pensjonerte ho seg, og sidan har eg ikkje sett mor mi. Eg vil difor ta fram denne artikkelen som er eit kjært minne om ei god mor og ein sau som kunne sitt fag.
– Kva tykkjer du om Fjellaren?
– Eg er sikker på han gjer så godt han kan ut frå det han har evner til. Vi skal ikkje rakke ned på dei som er annleis og strevar litt.


