Den unge sauen Else er kristisk til sauen.no som lagar ei sak på at det la seg snø på beitet 10. mai.

-At det snør i mai er ikkje noko nytt, seier Else (12 mnd. gammal) til sauen.no sin utsende på beitet i dag.

Trass sin unge alder og manglande erfaring med månaden mai meiner altså dette fjorårslammet at snø i mai ikkje er noko spesielt. – Du kan like gjerne skrive at fuglane syng og graset er grønt under snøen, seier Else då ho traskar forbi.

Else seier vidare at det kjølege og fuktige vêret gjer at grasveksten blir god framover. – Vi har ull, både store og små, og er frå naturen si side skapt for dette. Den einaste som er uroleg for snøfallet er Fjellaren, men han uroar seg no for alt mogleg, kommenterer Else.

Else demonstrerer her at det går fint å få i seg næring sjølv om det snør:

Else viser her beiting på snødekt mark. (Foto: Håvar Fagerli)

Sjølv om Else ikkje tykkjer det er noko å skrive om, så vil sauen.no likevel vise nokre bilete frå beitet i dag, 10. mai 2020:

Snøbyger på veg inn frå Stadhavet. (Foto: Håvar Fagerli)
Tillitssau Oddveig ynskte ikkje å uttale seg i saka, då ho var oppteken med amming. (Foto: Håvar Fagerli)
Dette lammet undra seg over kva vinkling sauen.no ville ha på denne saka. (Foto: Håvar Fagerli)
Haldis viser her korleis ein kvittar seg med snø i ulla. (Foto: Håvar Fagerli)
Førre artikkelFrustrerte førstegongsmødre
Neste artikkelDen iherdige kulturarbeidaren