Bærgit er ein botanikar og representerer 18. desember i denne kalendaren. (Foto: Håvar Fagerli)

18. des: Bærgit er så glad i blomster og plantar at det ofte kan by på litt problem. – Det er mykje som er for fint til å ete opp.

Bærgit innser at det ikkje er enkelt å velje mellom å ete blomen eller legge han i herbarium.

– Eg prioriterer sjølvsagt å utvide den rike plantesamlinga mi, seier søya som helst vil bli titulert som botanikar.

– Eg veit at det blir snakka om meg i flokken, men ein skal ikkje rakke ned på andre sine hobbyar, seier søya som heller går svolten enn å ete det finaste ho veit.

Bærgit vart fødd i ei artsrik eng ein fin aprildag i 2021. Mora Ragna og faren Larsen såg fort at Bærgit ikkje var som alle andre, men respekterte likevel Bærgit for den ho var.

– Kva artikkel vil du trekke fram frå arkivet?

– Eg vil gjerne trekke fram ein artikkel om ei anna søye som også kjempa mot den aggressive landskapspleien til Fjellaren:

Hobbybotanikar reagerer på hærverk

Førre artikkelHjørdis: – Basar er det ultimate konseptet
Neste artikkelHilda: – Vi må effektivisere drifta på garden, og då må vi kvitte oss med det svakaste leddet