16. des: Brede er ein løysingsorientert vêr: – Eit gjerde er ingen hindring, berre ei spennande utfordring, seier den spenstige vêren.
I tillegg til å ha breie horn, er Brede ein type som likar å breie seg utover.
– Dette er ein vêr som krev stor plass, seier Fjellaren, og legg fort til at han av prinsipp ikkje uttalar seg om enkeltindivid i saueflokken.
Brede blir av medsauer omtala som ein breihorna, snill og driftig vêr med svært god spenst. Han er fødd 1. mai 2019 og er son av Douglas og Hjurdis Shabbydott.
– Kva artikkel vil du trekke fram frå arkivet på sauen.no?
– Eg vil ta fram Ulla Britt som hadde konstant motvind: