Når andre sauer reiser til fjells på sommarferie, valde Brunetta å reise på campingtur saman med Anne-Toril Vangberg og Tore Vie.
Frå baksida av campingvogna har Brunetta sett både flott natur og rett i auga på bilistane som køyrer bak.
– Noreg er variert, både med tanke på natur og folk, påpeikar Brunetta.

Første del av turen gjekk frå Olden og rett til Steigen. Det var då mang ein bilist på E6 som fekk augekontakt med Brunetta. Frå Steigen og sørover igjen tok reisefølgjet seg litt betre tid langs Helgelandskysten, kysten av Trøndelag og Nord-Møre.

Som reisande langs norskekysten fekk Brunetta krysse nokre fjordar med ferje. Dei som var så heldige å kome bak Brunetta på ferja, kunne då nyte både svele, kaffi og synet av ei flott søye.

Etter ein stopp i Olden, gjekk turen sørover heilt til Flekkefjord. Brunetta fekk då med seg både Voss, Austevoll, Bømlo, Karmøy, Jæren og Preikestolen.
Sauen.no vil takke Anne-Toril Vangberg og Tore Vie for at dei tok med seg Brunetta på tur og delte dette med oss.