-Eg er ein tilhengar av kortreist ferie, seier sauen Brunetta til sauen.no.
Det er ikkje noko nytt at sauer likar best å ta ferien på eit fjell eller vidde i nærområdet.
– Ein treng ikkje reise langt for dei beste ferieminna, påpeikar ein talssau til sauen.no. Denne søya vil vere anonym sidan dei gode ferieminna også involverer ein vêr på frifot.
Brunetta på tur

I sommar skal altså Brunetta på turné rundt om i Norge. Då dette vart kjent i saueflokken, var det ikkje så mange som vart overraska.
– Brunetta er ein hornlaus sau som alltid har gått sine eigne vegar, berre for å kompensere for mangelen på horn, seier ein hornfager og sjølvgod sau til sauen.no.
Campingvogn med sauetema
Brunetta fortel at ho har blitt kontakta av Anne-Toril Vangberg og Tore Vie som hadde sett eit bilde av den hornlause sauen på nettstaden sauen.no. Dei ville gjerne ha bildet av Brunetta bak på campingvogna deira. Dette tykte Brunetta var så svært at ho sa ja med det same. – Tenk at dei valde meg framfor ei søye med horn, jublar Brunetta.

Anne-Toril Vangberg seier til sauen.no at campingvogna har eit sauetema. Inne i vogna har dei både saueskinn, bilder, puter, kaffikoppar og gryteklutar med sau på. Og no også med Brunetta på utsida.
Ut på tur
Anne-Toril Vangberg og Tore Vie har allereie vore på ein oppvarmingstur med Brunetta bakpå. Denne turen gjekk til Trollstigen.
Planen er at dei skal reise nordover i sommar, og dei gler seg til ferietur med Brunetta på slep.
– Vi bur i eit fantastisk land, og då er det ekstra kjekt å ha eit bilde frå heimfylket bakpå når vi er på tur, seier Anne-Toril Vangberg til sauen.no.
– Det er Steinar Frøholm i firmaet FluorLux i Stryn som har produsert og montert folien på campingvogna. Fjellaren har knipsa bildet, og modellen er sjølvsagt meg, seier Brunetta.
God norgesferie!

– Eg vil nytte høvet til å ynskje alle ein god og trygg norgesferie. Det er mange opplevingar som ligg og ventar rundt om i heile landet. Mykje av dette finn ein der det trakkar sau. Ser du ein sau langs din veg, veit du at du er på veg til noko bra, seier Brunetta.
Sauen.no vil ynskje Anne-Toril Vangberg og Tore Vie og alle andre ein god tur rundt om i Norge!