Brunetta er ein sau av den meir varsame typen. Den hornlause sauen lever i konstant frykt for det meste.
Brunetta er også motstandar av at livet til sauene på Fjellet blir bretta ut gjennom sauen.no. Nokre søyer i flokken er tildels mykje frampå og PR-kåte. Dette irriterer Brunetta.
– Eg har ein draum. Det er ein gong bli medlem i ein vanleg saueflokk. Ein saueflokk som brukar dagane til å beite og tygge drøv, stilt og roleg, utan å lage så mykje oppstyr rundt det, seier Brunetta, som omtalar seg sjølv som ein vanleg sau.
Brunetta er også ein sau om prøver å legge igjen minst mogleg digitale spor. Ho er ikkje heilt avlogga, men legg aldri igjen ein «Like» eller stadoppdatering.
Sauen.no har difor brukt mykje energi for å få lov til å legge ut saualiaen til Brunetta her:
Fødd: 27.04.2015
Rasegodkjent GNS
Far: Brunen (10200) * Far: 9049 (O. Schei) * Mor: 5115 (O. Schei)
Mor: Saudny (10006) * Morfar: Hallgeir (80090) * Mormor: Fjellrose (90003)
Etterkomarar:
2019: 99002s, 99004s
2018: 80002s, 80005s
2017: 70045v, 70051v
2016: 60025s
2015: 70045v, 70051v