Estetikaren Shabby Sheep og den litt over gjennomsnittet vinkelinteresserte sauen Kosinus meiner sauebonden deira, Fjellaren, bryt dei fleste lover og reglar i nytt byggprosjekt.

Bakgrunnen for dei missnøgde sauene er at Fjellaren i løpet av august sette opp noko som likna ein labyrint av fjøler og staur på den beste beitemarka. Etter det sauen.no kjenner til er det snakk om eit såkalla kve eller kvie. Etter litt gravande journalistikk har sauen.no med hjelp frå internettet funne ut at eit kve kan definerast på følgjande måte: «Kve, kvi, inngjerding til husdyr, ofte en liten, inngjerdet plass til å ha dyrene i om nettene, ved melking, klipping el.l., og når dyr fra sambeite skal skilles; sauekve, seterkve o.fl.» (Store Norske Leksikon).

Shabby Sheep har dei siste to åra hatt eit spesielt estetisk ansvar i saueflokken på Fjellet.  Shabby Sheep seier at det er i kraft som estetisk sau at ho no uttalar seg på vegne av saueflokken. Med seg har Shabby Sheep den vinkelinteresserte sauen Kosiuns.

Shabby Sheep. (Foto: H. Fagerli)

– Vi har sagt det før, og seier det igjen: Vi er svært skuffa over sauebonden vår, Fjellaren. Han har igjen overkøyrt oss, og demokratiet på garden er endå ein gong i fare. Det er difor viktig at vi no set ned klauvene. Nok er nok, brækar dei to sauene i kor.

Dei to sauene stiller spørsmål om denne sauekvia kan kallast eit byggverk sett frå eit estetisk saueauge. I alle tilfelle er det eit viktig juridisk spørsmål om den aktuelle sauekvia kan smykke seg med namnelappen bygggverk.

Kosinus. (Foto: H. Fagerli)

– Kjem sauekvia under kategorien byggverk, har Fjellaren brote eit viktig prinsipp. Han har nemleg ikkje varsla saueflokken om byggverket. Men skulle det vise seg at sauekvia er så lite fin å sjå til at det ikkje kan kallast eit byggverk, har vi lite vi kan ta han på, innrømmer dei to sauene. – At sauekvia er så fantastisk lite estetisk, kan faktisk bli redninga for Fjellaren i denne vanskelege situasjonen, legg Shabby Sheep til.

Saueflokken står no difor ovanfor eit vanskeleg dilemma. Skal dei svelgje ein svær kamel ved å innrømme at sauekvia kan kallast eit byggverk, og med det ha noko å ta Fjellaren på. Eller skal dei dømme sauekvia til å vere så lite estetisk, at ho ikkje kan kallast eit byggverk, og med det gje slepp på eit viktig juridisk overtak.

Sauen.no kjem tilbake med meir når sauene har bestemt seg. Før det skal Fjellaren sleppe til, der han fortel at denne sauekvia faktisk har vore ein barndomsdraum.  Fjellaren seier til sauen.no at han har heilt sidan han deltok på saueleiting heime i Gloppen, drøymt å ha si eiga sauekvie. – Ja, vi har vel alle våre syndrom, er kommentaren til Shabby Sheep då ho høyrer dette.

Sauen.no er underlagt etiske normer for pressa, vedtekne av Norsk Presseforbund. Der heiter det seg at dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Difor får Fjellaren her ordet. Ver så god!

«Tusen takk til sauen.no som let meg sleppe til endå ein gong. Eg vil ikkje på noverande tidspunkt uttale meg om dei skuldingane som kjem frå saueflokken ved estetikaren Shabby Sheep. I staden vil eg snakke litt om kvifor eg sette opp sauekvia, og kva planar vi fotfolket har på garden vår.

Det er heilt rett at sidan eg lenge har drøymt om ei lita sauekvie. Eg var så heldig å få vere med på saueleiting inne i Gloppen under oppveksten. (De kan lese meir om det her). Høgdepunktet var då vi førte sauene heim frå fjellbeitet, og samla alle i ei stor sauekvie. Mange hundre søyer og lam stod tett i tett, og venta på sortering. Fleire bruk samarbeidde, og det var etter min målestokk eit svært apparat som var i gong denne spesielle dagen på året. Eit fantastisk barndomsminne, der fleire generasjonar i heil bygd deltok. Så tusen takk til familien Mykland og familien Mardal for at eg fekk ta del i dette.

Sjølv om nostalgi og barndomsminne gjer det kjekt å samle sau og lam i ei utandørs innhegning, er det sjølvsagt dei meir praktiske årsakene som var avgjerande for sauekvia på garden vår, Fjellet. Vi driftar i dag fire bruk på Fjellet. Beitet er delt opp i mange mindre teigar, og av praktiske årsaker hender det at vi må dele opp flokken i fleire mindre flokkar. Tidlegare måtte vi difor samle alle dyra i ein fjøs heilt i enden av beita. Her måtte vi så ta sorteringa, før vi tok med oss flokk for flokk tilbake til dei nye beita. Sjølvsagt ville ikkje alle vere med til det nye beitet, og det vart då både frustrerte sauebønder og sauer, som ikkje var på talefot nokre dagar.

Med sauekvia på plass får vi ta sorteringane midt i beiteområdet. Vi kan enkelt dele flokken i tre, og sleppe dei ut på tre ulike beiteteigar rett frå sauekvia. Vi har erfart at det er stor skilnad på å handtere ein «flokk» på seks vaksne søyer og ein gjeng på over 50 dyr. Det var på høg tid med utandørs sauekvie i tillegg til fjøsromma.

Sauekvia vår er bygd etter modell frå sauekviene eg vaks opp med i Bukta i Gloppen. Sauene kjem samla inn i ein større samlegard, som truleg kan romme opp til 150 dyr. På den eine sida av den store samlegarden er det tre mindre båsar med utgang til kvart sin beiteteig. Vi har laga grinder mellom båsane, slik at dei kan nyttast til eventuell finsortering. Ovanfor den store samlegarden er det eit større inngjerda område som tener som avlastningsområde og eventuelt venteområde. Det som vi ikkje endå har fått på plass er ein sauegeil (gang) som vil gjere sortering/veging endå lettare. Men det meiner vi ikkje er naudsynt før flokken eventuelt blir noko større.

Slik som i fjor planlegg vi to flokkar med søyer med kvar sin vêr over vinteren. Storleiken på flokken er endå ikkje heilt bestemt. Det kjem litt ann på tinging av livdyr for 2014. Så langt ser det ut som det blir to flokkar med ca. 20 søyer i kvar.

Då vil eg takke for at eg slapp til på sauen.no, og håpe at eg får ei rettvis og god handsaming av dei estetiske sauene.»

– Hovudformålet til sauekvia er sortering, seier Fjellaren. – Er det verkeleg eit sorteringssamfunn vi ynskjer, spør Shabby Sheep. (Foto: Håvar Fagerli)