Fjellaren har hatt hektiske veker på fastlandet, og har no engasjert eigen coach. Den unge coachen blir karakterisert som eit ekte naturtalent.
Den unge coachen er berre tre veker gammal, og står allereie fram som ein erfaren coach. – Eg brukar fleire teknikkar, seier coachen, som har lytting som ei av sine sterke sider.
Spørsmål og svar
-Ein coach skal som kjent stille gode spørsmål til vedkomande som blir rettleia. Korleis løyser de det?
-Om eg berre ventar lenge nok, så svarar Fjellaren før eg får spurt. Så det går av seg sjølv, svarar lammet med eit blikk som er ein coach verdig.
Coachen fortel at han også brukar teknikkar som involverer fleire lam i flokken.
– Når Fjellaren er ekstra sliten, startar vi timen med synkronisert springing med innlagde hopp og sprett. Når vi skal legge på det vesle ekstra, hender det at vi dett og rullar bortover. God, gammaldags slapstick er veldig effektivt, avslører coachen.

Tankefinte
Somme tider må vi distrahere Fjellaren bort frå dei lange tankerekkjene han går og grublar på.
-Då køyrer vi i gong ein avansert operasjon med at eitt lam eller to får i oppgåve med å ta seg ut av beitet og gå der å breke heilt til Fjellaren blir klar over dette. Då gjeld det å springe motsett veg i forhold til det Fjellaren vil. Dette held vi på med så lenge som vi ser behov for det. Då har Fjellaren hatt noko anna å tenkje på ei stund. Veldig effektivt, avsluttar coachen.