Saugarden på Fjellet har godkjent seg sjølv som ein demokratisk sauegard. 

Sauen.no kjenner ikkje til andre demokratiske sauegardar. Så førebles er sauegarden på Fjellet den einaste i verda som har fått denne godkjenninga. Tillitsau Oddveig fortel til sauen.no at det nok ikkje ligg for alle å bli ein demokratisk sauegard. Skal ein oppnå det, er ein nok avhengig av ein sauebonde av det noko enklare slaget.

– Og det er vel kjent langt utanfor beitet, at Fjellaren ikkje akkurat er den skarpaste ljåen, seier tillitssauen.

Avtalen er signert

I avtalen mellom sauene og Fjellaren står det følgjande:

§ 1 Kvar saueflokk vel sin tillitssau.

§ 2 Det skal vere møte mellom sauebonde (Fjellaren) og tillitssau minst ein gong i veka. Referat frå møta skal publiserast på sauen.no

§3 Fjellaren diskar opp med ekstra mykje sauemjøl på samarbeidsmøta.

§ 4 Fjellaren er ansvarleg for å utarbeide arbeidsinstruks og arbeidsavtale

§ 5 Tillitssauen har rett til å kalle Fjellaren inn på beitet om ein har noko å klage på.

§ 6 All kommunikasjon på møter mellom bonde – sau, og mellom oss sauer internt, skal publiserast på sauen.no

§ 7 Fjellaren skal legge til rette for at sauene får ha så mange møte dei vil. (Fjellaren har ikkje talerett på desse møta, men har serveringsplikt av møtemat som til dømes høy og kraftfôr)

Fjellet, 25.03.2018

Oddveig (sign)                       Fjellaren (sign.)

 – tillitssau –                          – sauebonde

 

(Første avtale om demokratisk sauegard vart gjort 26.11.2011 mellom dåværande tillitssau Berta og Fjellaren)

Førre artikkelOddveig er ny tillitssau
Neste artikkel– Våren er på veg!