Mari Didrikke (5 veker) har allereie gjort eit karriereval som gjer mor og tillitssau Oddveig veldig stolt.

-Eg skal bli ein kulturarbeidarsau som kvar dag skal jobbe iherdig for å glede dei rundt meg, seier den reflekterte unge sauen til sauen.no.

Tillitssau Oddveig legg til at ho og dottera har hatt fleire gode samtaler om kva det inneber å ta på seg rolla som kulturarbeidar i flokken.

Stolt mor og tillitssau

-Det er ikkje småtteri å vere kulturarbeidar. Ein skal ha stor arbeidskapasitet, vere kreativ og løysingsorientert, ha svært godt humør, sørvisinnstilt og levere tenester av høgste kvalitet, seier Oddveig.  Sjølv om tillitssauen er noko inhabil, så meiner ho at Mari Didrikke har alle desse eigenskapane.

Oddveig. (Foto: Håvar Fagerli)

Kulturopplevingar og fellesskap

Sauen.no er kjent med at alle sauer er kulturarbeidarar i den forstand at dei jobbar iherdig for å ta vare på kulturlandskapet. Her kjem Fjellaren inn med ein kommentar.

-Men det å vere kulturarbeidar i denne flokken på Fjellet, inneber så uendeleg mykje meir. Skal ein flokk fungere optimalt, må flokken ha kulturelle opplevingar saman. Då må nokon planlegge og organisere dette. Ein kvar flokk treng ein som kan arbeide for å glede andre. Det er berre dei aller beste søyene som blir plukka ut til dette. Og Mari Didrikke er heilt spesiell, seier den elles ordknappe Fjellaren til sauen.no.

Så då kan vi berre glede oss til mange kulturopplevingar framover i regi av den iherdige kulturarbeidaren Mari Didrikke.

Førre artikkel– At det snør i mai er ikkje nyhende
Neste artikkelBrunetta på norgesferie