Folket på garden har som dei fleste andre toføtingane ein noko underleg skikk: Når sola snur, flyttar dei delar av skogen inn i stovene.  Dette resulterer ofte til mistydingar mellom sau og folk.

Sauen.no likar å sjå på seg sjølv som eit opplysande og informativt magasin, og tek seg difor tid til å gje ei kort forklaring på den omtalte skikken, som går under namnet «juletre».

– Eit juletre er eit tre eller ein modell av eit tre som blir brukt mange stader til å pynta til jul med. Treet blir pynta med lys og juletrepynt. Mange legg julegåver under treet og går rundt det og syng julesongar, skriv nettstaden Wikipedia. Sauen.no vil ikkje i denne omgang gå inn på ei grundigare analyse av denne skikken. – Vi  meiner at ord blir fattige, når ein ser på denne skikken frå vårt perspektiv, seier sauen Shabby Sheep,  gravande journalist med interiør som hovudfelt.

– Det som kanskje er mest tankevekkande er synginga og den respektlause gangen rundt treet. Nokon vil sikkert meine at dette er som mobbing å rekne. Sidan vi likar å ete både eine, gran og furu i løpet av vinteren, vil eg gå så langt å her seie at fjellarane her leikar med maten, seier Shabby Sheep.

Skribentane i sauen.no har alle vore med på skrivekurs, og veit at ein må prøve å fange lesaren allereie i ingressen og overskrifta. Likevel valde sauen.no i denne artikkelen å vere opplysande og nokolunde informativ i starten av denne artikkelen. Det som er bakteppet for artikkelen om juletre, kunne fort fått dramatiske følgje. Den raske lesar har vel då allereie forstått at det likevel ikkje vart så dramatisk, sidan referatet frå hendinga kjem så langt nede i brødteksten.

Det heile hende ei knapp veke før julaftan. Fjellaren vart observert med seine steg, men med rask puls opp brattebakkane på garden. Med seg hadde han ei sag.

– Då vi såg at Fjellaren hadde utsyrt seg med sag, la eg ein og to saman og fekk tre. Eg resonnerte meg raskt fram  til at Fjellaren no skulle spe på kosten vår med litt deilig trevirke, seier den matglade Saudny, som er rekna for å vere ein skarp sau.

Saudny går for å vere ein skarp sau som likar mat. (Foto: Håvar Fagerli)

Denne førjulsdagen  bles det som vanleg ein sørvestleg kuling over garden. Fjellaren gjekk krokrygga opp bakkane. Ut av skogen om han så med ei gran, som både var grøn og glitrande.

– Hurra, tenkte eg, og fekk med meg resten av gjengen. Litt grønt bar med bork er ei nydeleg avveksling til høy og kraftfôr. Sjølv om  vi likar best furu, er toppskota på ei gran god kost. Difor vart det ein liten intern kamp mellom oss sauene for å få nappa av toppen av grana, seier Saudny.

Kulingen som bles på Fjellet den dagen, bestemte seg akkurat då å prøve nokon stormkast langs fjellsida. Som vi tidlegare har skrive om her på sauen.no, så ruvar Fjellaren godt i vinden. Sidan han denne dagen hadde med seg ei gran som segl, tok det ikkje vinden lang tid å slå Fjellaren i bakken.

– I dag har vi jammen flaks, tenkte vi. Her legg Fjellaren seg ned og ventar på oss, fortel Saudny til sauen.no

Sauen.no får opplyst at det utvikla seg til eit dramatisk kappløp ned brattebakkane. Fjellaren reiste seg igjen, og sprang alt han greidde med ei gran og ein saueflokk hakk i hel.

– Der og då trudde vi at Fjellaren var i det leikne hjørnet, og endeleg ville ha det litt moro saman med oss. Der og då angra eg på at eg tidlegare har stilt spørsmål kring evnene til Fjellaren. Endeleg fekk vi  eit teikn på at Fjellaren forstod seg på sau. Han ville vere med på leiken. Intelligent som han var, forstod han at vi i saueflokken hadde ei intern tevling som gjekk ut på å vere den første sauen som nappa av toppen på grana, seier Saudny.

Men gleda til Saudny vart kortvarig. Fartsendringa til Fjellaren var ikkje eit kjærkome teikn på forståing og intelligens, men heller eit snev av panikk. Fjellaren sprang det fortaste han makta i stormkasta. Framme ved enden av beitet, tok Fjellaren sats og rulla både seg og grana over gjerdet.

Fjellaren viste seg å vere berre eit menneske liikevel. (Foto: Jostein Bergset)

I beitet stod det att ein skuffa saueflokk. Mat fekk dei rett etter episoden, så den største skuffelsen var at Fjellaren  likevel ikkje var ein sauetolkar.

Sauen. no kan opplyse at Fjellaren og Saudny er igjen vel forlikte, og feirar jul saman på Fjellet.

– Vi må vel akseptere at Fjellaren berre er eit menneske, seier Saudny, og ynskjer både sauer og folk ei god jul med mykje god mat.