– Det er berre å bøye seg i hatten, seier dei andre sauene om den spurtsterke Shabby Sheep.

Det vart eit spanande spurtoppgjer på beitet under fôringa denne fine vinterdagen. Ikkje uventa gjekk Shabby Sheep av med sigeren.

– Her ser vi ein sau som både har fysiske og taktiske eigenskapar, noko som er veldig sjeldent, seier ein som har greie på sau.