Eit søyelam har no starta ein kampanje om å bli livdyr. – Om ein vil hjelpe lammet med å leve ut draumen, er det berre å ta kontakt, seier Fjellaren.

Det er også fleire søyelam og vêrlam som ber på denne draumen om å bli livdyr. Fjellaren seier at han skal legge til rette så godt som det let seg gjere.

Det kan vere lurt å ta kontakt så fort som mogleg, sidan sauen.no arbeider etter første-mann-til-mølla-prinsippet. Det vil seie at dei som tingar livdyr først, får velje seg ut dyr først.

Alle lam, søyer og vêrar på garden er rasegodkjent. I tillegg kan ein på sauen.no finne bilete og opplysningar om alle søyer og vêrar som har vore innom garden sidan oppstarten i 2010.

Les meir om livdyr her.

De kan kontakte Fjellaren (Håvar Fagerli) på telefon 942 79 790 eller e-post: post@sauen.no.

Førre artikkelCoach for Fjellaren
Neste artikkelElsesysta (99034)