Mari Didrikke (6 mnd.) har allereie tatt ei stor rolle i flokken. Søndag arrangerte ho søndagstur opp i høgda.

Fjellaren tok også turen opp i høgda, og fekk vere med på fotografering og slikt som høyrer med når ein stig opp på ein topp.

-Vi hadde planar om naking, men det var både for kaldt og noko upraktisk, seier den ullfagre Mari Didrikke til sauen.no.

Fjellaren fekk prøve seg som fotograf, men sleit med å få alle til å sjå i kamera. (Foto: Håvar Fagerli)

På veg ned att ville absolutt Fjellaren gå i front og blåse i ei fløyte.

Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

Her prøver ein seg med eit meir eller mindre vellukka oppstilt bilde. (Foto: Håvar Fagerli)
Førre artikkelLammeskinn frå sauen.no
Neste artikkelHerman (00009)