Den vêrkritiske søya Ragna tykkjer at omgrepet «fint vêr» er noko utvatna.

Ragna har sidan starten av mai høyrt at det har vore mykje fint vêr i Sør-Norge. – Sidan vi berre har hatt sol og opphaldsvêr sidan starten av mai, så er det altså fråvær av regn som er rekna som fint vêr, spør søya. – Det beste vêret er kanskje sol for nokon, regn for andre, og andre igjen tykkjer skodde er fint, seier Ragna.

– Mange har det no vanskeleg på grunn av at vi har hatt det same vêret i lang tid. Det er tørt, graset veks ikkje, skogbrannar herjar i Europa. Då blir det feil å kalle det tørre vêret for fint vêr, seier Ragna , som registrerer at vêrmeldarane no også seier «tørt vêr» i staden for «fint vêr».

Endeleg regn

I dag, 24. juli, regna det godt på sauebeitet. Fjellaren gledde seg over dei kjærkomne dropane, men sauene veit at ei publisering av regnet, kanskje berre gjer det verre for dei som allereie har fått øydelagt avlingane sine. Likevel tykkjer Ragna at det er viktig å publisere nokre bilete frå regndagen.

– Nettopp for å vise at alle typar vêr er fint på sin måte. Det beste vêret er vel variert vêr. Då håpar eg at fleire beitedyr snart får oppleve gleda av å trakke i vått gras, avsluttar Ragna.

Vatn i bekken igjen. (Foto: Håvar Fagerli)
Regndropar. (Foto: Håvar Fagerli)
Lilly er også ein talssau for variert vêr. (Foto: Håvar Fagerli)
Tørst kløver. (Foto: Håvar Fagerli)
Sau tek seg også godt ut i regnvêr. (Foto: Håvar Fagerli)
Lauv kan vere eit godt tilleggsfôr. (Foto: Håvar Fagerli)