Fjeli er søye nummer 5.

5. des: Fjeli er ikkje gamle søya, men har allereie tatt tak der Fjellaren og eldre søyer har svikta.

Etter eit stort internt press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalender der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.

Fjeli er fødd 20.04.2022, og er dotter av søya Frøydis og vêren Brede.

Den unge søya meiner at ein ikkje skal ta for lett på det ein har forplikta seg til å gjere. Skal noko gjerast, må det gjerast skikkeleg.

– Her må Fjellaren ta seg saman, seier Fjeli.

Fjeli er glad i korpsmusikk, har høg kompetanse på reingjering, og er ikkje framand for å bli tillitssau om ho ein gong blir nominert.

– Kva artikkel vil du trekke fram på sauen.no?

– Så lenge eg har vore her på garden (sidan 20. april 2022, journ. anm.) har her vore gjort slett arbeid.  Då reknar eg med at det også har vore slik her før også. Her er eit døme på det:

Byggjekonflikt på beitet

 

Førre artikkelElsesysta: – Eg ynskjer det beste for alle. Ja, til og med for Fjellaren
Neste artikkelHohi: – Det er ikkje lett å alltid vere Hohi