Fjellaren aksjonerte for kulturlandskapet

Fjellaren aksjonerte for kulturlandskapet

Fjellaren aksjonerte for kulturlandskapet

Image link

Det er frå før kjent at Fjellaren brenn for kulturlandskapet. No fryktar han at den nye retninga til norsk landbrukspolitikk vil føre til nedlegging av endå fleire gardsbruk, og med det total attgroing av landet. Sjølv om Svigermora og Svigerfaren vart råka som ein uskuldig tredjepart under aksjonen tysdag 14. mai, tok dei det med godt humør.

Landbruksnæringa valde 13. mai å bryte jordbruksforhandlingane  med staten.

Norges bondelag skriv: «Landbruket trenger bærekraftige endringer – ikke Listhaug sin retning. Vi vil ha et landbruk på norske gras-, korn- og beiteressurser. Vi vil ha et klimasmart landbruk. Vi vil ha et levende landskap. Derfor må det lønne seg for bonden å produsere mat. Derfor har vi brutt jordbruksforhandlingene.»

Image link

Varslelys: Det er stor fare for total attgroing av landet om landbruksoppgjeret vert slik regjeringa ynskjer, seier Fjellaren. (Foto: sauen.no)

Aksjon for kulturlandskapet

Tillittsau Berta seier til sauen.no at ho med sin bakgrunn som fagforeiningssau forstår at Fjellaren aksjonerer, men at ho undrar seg litt over aksjonsforma.

– Å stoppe trafikken på ein veg som stort sett berre Fjellaren sjølv køyrer på, kan kanskje vere ein lite effektiv måte å  aksjonere på. Men Fjellaren hadde flaks sidan Svigermora og Svigerfaren tilfeldigvis  var ute på biltur denne dagen, seier Berta, som sjølv har god erfaring med aksjonar, men då retta mot Fjellaren.

Fjellaren seier at han orsakar at den spontane aksjonen gjekk ut over ein uskuldig tredjepart, som i dette tilfellet var Svigermora og Svigerfaren.

Image link

Fjellaren venta spent på at det skulle dukke opp ein bil på veg til Fjellet. (Foto: sauen.no)

Ja til norsk landbruk!

På veg heim frå ærend på fastlandet vart det brått bråstopp for Svigermora og Svigerfaren. Bak ein sving stod Fjellalren med brei beinstilling på ein tilhengar omkransa av norske flagg og plakatar med teksten: «Fare for attgroing!!» og «Ja til norsk landbruk!».

– Kvifor brukte du norske flagg under aksjonen, spør vi Fjellaren.

– Vel, norske flagg er vel kanskje mest brukt i glade markeringar, men i dette tilfellet var det ikkje det. Eg tenkjer at flagga symboliserer landet vårt og naturen vi bur i. Landet har gjennom generasjonar blitt bygt opp av landbruket og beitedyr. No står dette norske kulturlandskapet i fare for å forsvinne på grunn av ein  landbrukspolitikk med heilt andre verdiar, seier Fjellaren, og legg til at flagga òg tente som ei varsling av at tilhengaren stod og sperra vegen.

Image link

Svigermora fekk ei god innføring i kva konsekvensar landbruksoppgjeret ville få for landet. (Foto: sauen.no)

Etter at Svigermora og Svigerfaren fekk vite kvifor dei vart stoppa, vart dei eskortert i sneglefart opp til Barmøy Gjestehus. Der hadde vertskapet lagt ned arbeidet for å sjå på aksjonen til den lokale småbrukaren.

Fjellaren klatra opp att på tilhengaren, der han heldt appell framfor alle dei fire som meir eller mindre frivillig hamna i dette publikummet.

Image link

Det var fleire enn ein som høyrde på appellen til Fjellaren. (Foto: sauen.no)

Apell på lågt nivå

– Landbruksnæringa har brote med staten på grunn av eit tilbod som vil føre til færre bruk i landet, som igjen vil føre til ei auka attgroing av landet. Det ynskjer vi ikkje! Sjølv er eg berre ein liten idealistisk deltidsbrukar, men eg tykkjer denne situasjonen er svært alvorleg for dei minste heiltidsbøndene. Det skal løne seg å vere bonde, også på dei mindre bruka! Ja til eit levande Norge!

Fjellaren hausta applaus frå alle fire, og vart då så glad at han opna vegen igjen. Og sauen.no kan no melde at vegen på Fjellet er open for fri ferdsel, om han ikkje med tida gror att då.

Relaterte innlegg