Fjellaren pustar letta ut

Fjellaren pustar letta ut

Fjellaren pustar letta ut

Image link

Fjellaren (i midten) er glad for at vinteren 2012-2013 endeleg er over. (Foto: sauen.no)

Sauen.no har i det siste vore plaga av ein ivrig sauebonde på døra til redaksjonen. Denne sauebonden er som kjent sauebonde på Fjellet, og går under tilnamnet Fjellaren. Einaste måten for å bli kvitt masinga frå Fjellaren, er å sleppe han til på sauen.no med det han har på hjartet. Ver så god, Fjellaren har ordet:

Aller først vil eg seie tusen takk til redaksjonen i sauen.no at eg får sleppe til på nettsida dykkar. 14 april 2013 forsvann isen på Fjellvatnet. Kvifor var dette ei så fantastisk hending for oss på Fjellet?

Eg trur at dei fleste som jobbar med dyr opplever dei fleste kjensler i dette arbeidet. Ein gler seg over nytt liv og samspelet mellom individa i flokken. Det varmar om hjartet når dyra syner deg tillitt. På den andre sida tyngjer det store ansvaret ein har tatt på seg som dyrehaldar. Sjukdom og skader kan oppstå. Fleire bønder har denne vinteren opplevd vassmangel grunna frost. Nokre har òg opplevd at fôrlageret minkar fortare enn planlagt. Når ein har ansvar for eit liv, og utfordringane dukkar opp, vil ein som dyrhaldar gjere sitt ytterste for at dyra skal ha det så bra som mogleg. Men det er då ein ikkje kan gjere noko, det er verst. Tankane er med deg overalt. Alle moglege alternativ til løysingar svirrar i hovudet, både dag og natt. Uroa er med deg heile tida. Det kan til tider kjennest heilt håplaust ut, og ein får lyst til å gje opp.

Image link

Det er blant anna tanken om desse som gjer det verdt å vere sauebonde. (Foto: Håvar Fagerli)

Denne vinteren har eg opplevd denne uroa. Eg er så heldig å ha ein flokk med 36 sporty søyer og to tøffe vêrar, som alle har greidd seg bra gjennom vinteren. Kjenner eg sauene mine rett, er det ikkje sikkert dei forstår at eg denne vinteren har vore uroa på vegne av dei. Slik ein tolkar meldingane på nettsida deira, har dei hatt ein artig, variert og spanande vinter. Saueflokken stiller seg truleg difor undrande til sauebonden si uro.

Sauehaldet på Fjellet er lagt opp etter demokratiske prinsipp, der dyra fritt får bevege seg inn og ut av fjøset. I tillegg til høy og kraftfôr innandørs, forsyner sauene seg av vekstar utandørs. Dei likar godt å gnage bork, knoppar og greiner. Lyng og lauv fell òg godt i smak. Sauene likar seg aller best utandørs, og er såleis ikkje vane med å stå tett saman i ein binge. Difor har denne driftsforma fungert utmerkt for både sau og bonde.

I vårt området ligg den offisielle gjennomsnittstemperaturen godt opp på plussida heile året. Slik vart ikkje vêret vinteren 2012-2013. I løpet av november fraus det is på vatnet ved garden, og det skulle vise seg at Fjellvatnet skulle vere i fast form heilt fram til 14 april 2013. Denne vinteren skulle bli ein av dei kaldaste vintrane.

Minusgradene gjorde stadige angrep på Fjellvatnet, og oppe på garden høyrde vi korleis vatnet skreik etter kvart som isen vart tjukkare og tjukkare. Sauene likte seg likevel godt i det kalde og tørre vêret med vintersola hengande over seg. På Fjellvatnet gjekk øyfolket på skeiser, og prisa den kalde vinteren. Men då dei første vårteikna etter planen skulle kome fram i februar, vart det berre kaldare. Isen vart tjukkare, og eit kvitt teppe av snø la seg etter kvart på isen.

Eg har alltid hatt ein mistanke om at sauene mine er noko spesielle og relativt kreative. Dette fekk eg stadfesta 12. februar 2013. Sauene starta då på det som dei sjølv kalla ”Operasjon Jesus”, der dei byrja å gå på Fjellvatnet, eller på det islagde Fjellvatnet for å vere presis.

Image link

Illustrasjonen syner dei første forflyttingane til sauene på Fjellvatnet. (Grafikk: Håvar Fagerli)

Eg hadde delt flokken i to, ein raud og ein blå flokk, med kvar sin fjøs. Grunnen til dette var at det då vart meir praktisk med fôringa. Sidan sauene hadde funne ut at ein kunne gå på vatnet, trudde ein kanskje at flokkane ville samle seg til ein flokk, men slik vart det ikkje. I staden starta den blå flokken (søyene frå Sunnfjord) på ei ferd sørover det islagte Fjellvatnet, bort frå området som rett før vart okkupert av den raude flokken. (For dei som ikkje er kjende: Sør for Nordfjord ligg Sunnfjord). Heldigvis har sunnfjordingane godt matvit, og snudde tvert då eg ropte på dei,  og lokka med sauemjøl.

I løpet av dei komande dagane gjekk sauene på isen fleire gongar for å kome seg forbi gjerdet, og ut av beitet. Kvar dag då vi kom heim frå arbeid på fastlandet vart vi mottekne av godt fornøgde sauer på tunet. Dette gjekk ikkje lenger. Noko måtte gjerast. Bokstavleg talt. Vi måtte opp med gjerde mot Fjellvatnet, men det var det flatt og djup tele. Alternativet var å setje opp gjerde ovanfor våningshuset. Der var det mindre tele, sidan det låg i ei solvendt skråning. Heldigvis er det framleis slik at lærarane har ei veke fri i februar, og denne veka vart brukt til gjerding i frosen mark utstyrt med boremaskin og varmepistol.

No hadde flokken ein alternativ tumleplass fram til isen på Fjellvatnet forsvann. I mars kom det nokre dagar med mildvêr og isen langsmed land smelta. Gleda var stor då sauene fekk flytte ned til vatnet igjen. Men gleda skulle vise seg å bli kortvarig. Kulden fekk igjen overtaket, og sjølv om vi hakka is for harde livet, vart Fjellvatnet igjen eit offer for minusgradene. Sauene måtte flyttast oppatt. Sjølvsagt ville ikkje sauene ovanfor husa. Ein dag greidde dei å opne grinda, og gjekk ned att mot Fjellvatnet. På vegen måtte sjølvsagt nokre individ forsyne seg av vintergrøne hagevekstar. Dermed vart det forgifting, og nokre dagar med overvaking og uro. Vêrane vart sendt til eige beite, men dei hadde òg lært seg kunsten å gå på vatnet. Difor måtte dei få gå saman med søyene, og stele litt kraftfôr frå dei.

I påska starta òg lamminga. Planen var at flokken skulle vere delt i to under lamminga, med kvar sin fjøs og kvart sitt uteområde. Slik vart det ikkje så lenge det var is på Fjellvatnet.

Då vi bladde fram april-bildet på kalendaren, var det framleis frostnetter og tjukk is på vatnet. Høylageret minka drastisk kvar dag, og telen heldt fast i jorda. Sau etter sau kunne etter kvart syne fram sine håpefulle, men sauebonden hadde det snart tome høylageret i bakhovudet. Søndag 14. april var det slutt på tørrhøyet, og på same dag, søndag 14. april, kom stormen. Dette hadde vi venta på i to månader. Det var som å vere med på ein film. Redninga kom akkurat i tide. Milde stormkast vaska bort fleire desimeter tjukk is på nokre timar.

Medan eg gjekk blant sauene hamra store regndropar mot ansiktet mitt. Det var ei herleg kjensle å vite at desse dropane skulle lage vår i løpet av berre nokre timar. Den tørre marka fekk sårt tiltrengt væske, og svara med å farge seg grønare og grønare. Det var som vi kunne sjå graset strekkje seg mot himmelen. Eg hugsa tilbake på alle dei dagane eg hadde krabba rundt å leita etter grønt liv oppe i det høgste beitet, utan resultat.

I skrivande stund er det ein svært letta og glad sauebonde som kan konstatere at mykje skal gjerast neste år, men er på same tid utruleg glad for at alt gjekk bra.

I dag går sauene på vårbeite av fullt av friskt proteinrikt gras, medan små bølgjer frå Fjellvatnet skvulpar inn mot land. 21 lam spring i grøne bakkar, medan 19 drektige søyer framleis førebur seg til våren sitt høgdepunkt. No skal vi gle oss over våren og nytt liv på garden.

Det er i grunnen heilt fantastisk å vere sauebonde!»

Relaterte innlegg