Sauen.no er drifta av ein flokk gammalnorsk spælsau på øya Barmen i Nordfjord. Her pleier vi kulturlandskapet medan vi deltek aktivt i ordskiftet på internett. Vi omtalar oss sjølv som ein fargerik gjeng med fotogene sauer som har meiningar om det meste.

Garden vår ligg altså ved Fjellvatnet på den fagre øya Barmen heilt ute i havgapet. Garden ligg 120 meter over Stadhavet. Sidan dei andre gardane på den nesten ni kvadratkilometer store øya vår ligg ved havet, måtte sjølvsagt garden vår bli kalla for Fjellet.

Håvar Fagerli

Garden har i løpet av tida blitt delt opp i fleire bruk med ulike eigarar. Likevel er det i 2018 berre fastbuande på to bruk. Vi kan difor seie at fastbuande fjellarar er noko sjeldant og eksotisk, og det er difor folket på garden likar at vi kallar dei for fjellarar. Sauebonden på garden vår er noko høg på seg sjølv. Han heiter Håvar Fagerli, men ynskjer å bli titulert som Fjellaren, altså i bunden form og stor bokstav. Fint skal det vere, sjølv om han ikkje er oppvaksen på Fjellet ein gong.

Skrivande og fotograferande sauebonde

Vi slepp her Fjellaren til slik at han kan fortelje litt om seg sjølv:

Eg starta opp nettstaden sauen.no i 2011. Målet med sauen.no har vore å setje fokus på kulturlandskapet, og motivere fleire til å starte opp som sauebonde på like lågt nivå som meg. Eg likar å fotografere. Eg likar å skrive. Eg tykkjer gammalnorsk spælsau er nokre fantastiske dyr. Eg er oppteken av at ein tek vare på kulturlandskapet. Gjennom sauen.no får eg kombinere alle desse interessene.

Eg håpar de likar det de les og ser på sauen.no. Alle bileta på sauen.no er mogleg å kjøpe. De kan lese meir med det her. 

Kommunikasjon

Gjennom sauene får eg uttrykkje meg om mangt og mykje. Sauene på Fjellet er til liks med oss menneske ulike. Dette skapar historiar. Sauene på sauen.no har alle sin særeigne saulegdom.

Til dømes er Paula Oddveigdott i saueflokken rekna for å vere ein konsekvent kritisk og negativ sau. Likevel har Paula Oddveigdott sine gode sider, slik er det også med menneske. Det handlar om korleis vi kommuniserer, det vil seie lyttar til kvarandre og forstår kvarandre. Gjennom sauene på sauen.no kan kanskje nokon kjenne seg att, eller kjenne igjen andre.

Tusen takk

Tusen takk til dei fantastiske sauene på Fjellet som let meg uttrykkje meg gjennom dei. Eg er også takksam ovanfor desse sauene, og alle andre beitedyr, som jobbar iherdig med å halde kulturlandskapet i hevd.

Som de kan lese om her på sauen.no har det vore ei bratt læringskurve for ein sauebonde på lågt nivå. Eg vil takke sauebøndene i Bukta som har vore til inspirasjon og førebilete under oppveksten i Gloppen. Då vi starta opp med sau fekk vi mykje hjelp av bonde Torbjørn Solvåg. Eg er glad eg har ein slik god kollega her på Barmen. Så ein stor takk til han også.

Å drive gard er eit lagarbeid. Så tusen takk til laget: Kone, svigermor og born!