Ikkje alle kan ha ein sau i hagen, men dei fleste kan ha ein sau på veggen.

Alle bilete av sau på sauen.no er fotografert av Fjellaren (Håvar Fagerli) på eigen gard, om ikkje noko anna er skrive. Bileta er av sauerasen gammalnorsk spælsau, og alle fotomodellane går fritt ute på Fjellet heile året.

Vi samarbeider med fleire fotolaboratorium, og kan difor tilby dei fleste typar produkt med motiv  frå sauen.no. Vi vil saman med kunden skreddarsy eit produkt, der kunden sjølv bestemmer både motiv, storleik. Når ein har funne eit motiv på sida, skriv ein bildenummera i ein e-post, og legg til kva type produkt ein vil ha. Gammalnorsk spælsau tek seg godt ut på dei fleste veggar.

Om ein til dømes vil ha motivet under på eit kvalitetslerret på 50*70 cm kostar det kr. 1990,-

Bilde av sau, gammalnorsk spælsau, foto, sau, lerret
Slik kan eit bilde på lerret sjå ut. (Foto: Håvar Fagerli)

Ta kontakt for på e-post for meir informasjon og tilbod.

Eit utval foto av sau

Under ser de nokre døme på bileta som ligg på sauen.no. De kan klikke på bileta for å sjå dei i større format. De ser biletnummeret med å halde peikaren over biletet.

Digital bruksrett

Alle registrerte føretak kan kjøpe digital bruksrett til digital versjon av bileta på sauen.no albumet til sauen.no. Ynskjer ein å kjøpe bruksrett, kan ein kontakte sauen.no der ein oppgjev følgjande opplysningar: Bildenummer, type bruksrett, kvar biletet skal publiserast, namn og kontaktinformasjon på føretaket.

Bruksrett i trykksaker (ein gong): kr. 1.800,- (eksl. mva)

Bruksrett på internett (ein gong): kr. 1.300,- (eksl. mva)

Annan bruk: Ta kontakt for avtale

Sauen.no viser til Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven) når ein inngår avtale om kjøp av bruksrett.

Alt publisert materiale på sauen.no (både tekst, foto og grafikk) er å rekne som sauen.no sin eigedom om ikkje anna er oppgjeve.