Foxy er bak luke nummer 9.

9. des: Foxy er lei av at alle dømmer ho ut frå namnet. – Eg er berre ei vanleg søye, understrekar Foxy.

Foxy kan fortelje om fleire uheldige episodar, og har ein teori om at det skuldast at namnet kan sende ut feil signal. Søya vil ikkje gå i detaljar om dette, men vil heller fortelje litt om seg sjølv:

– Eg er fødd 30. april 2017 og er dotter av søya Olga og vêren Gunnarsen. Dagane går mest med det til å ete gras, og det er vel det som er å seie om meg. Det er ikkje meir spennande enn det, seier Foxy.

– Kva artikkel vil du trekke fram frå arkivet på sauen.no?

– Eg er så lei av at media skal hause opp og lage saker om alt mogleg rart. Sauen.no er ikkje noko unntak:

Mystisk lysstråle over beitet

Etter eit stort press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalender der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.

 

Førre artikkelHerman: Ein kreativ vêr som både er høgt og lågt
Neste artikkelGerd: Friluftssøye som har vore ute ei vinternatt før