Sidan sauene på Fjellet likar seg best utandørs heile året har Fru Winter kvart år kurs i vinterteneste.

Lamma som går sin første vinter i møte går gjennom eit tettpakka program. Til dette opplæringsprogrammet har sauene fått Fjellaren til å lage ein film som viser Fjellet i vinterprakt.

– Sjølv om vi har tilgang til husrom, og kan gå ut og inn som vi vil, er det ute vi likar oss best, seier Fru Winter.

Under kan de sjå korleis det kan sjå ut på Fjellet ein vinterdag.