Fjellaren driv med stripebeiting. Det vil seie at sauene beiter på mindre delar av gongen. Når han opnar eit nytt beite bles han i fløyta.
– Eg tykkjer ikkje filmen viser det heilt sanne bildet. Det er mange fordommar om sauer som spring i flokk og ikkje tenkjer sjølv. I dette tilfellet er det slik at vi tilfeldigvis tenkjer det same på akkurat same tid alle saman. Det ein ser her, er ein gjeng sjølvstendige individ, som berre tilfeldigvis har same målsetjing, seier den sjølvstendige sauen Erna.
Når det gjeld videoen vil sauen.no gjere merksam på at det måtte leggast på lydeffekt av ei fløyte. Dette skuldast at Fjellaren var så tungpusta og vi måtte difor nytte ein fløyteblåsar med noko betre lungekapasitet.