Gerd er luke nummer 10.

10. des: – Frisk luft er eit gode som vi ikkje skal ta for gitt, seier Gerd som likar å bli kalla ein ekte utegangar.

Gerd er til liks med resten av flokken ein friluftssau som likar seg best utandørs heile året.

Den spreke søya er fødd 24. april 2019 og er dotter av Frøydis Winterdott og stovevêren Douglas.

Gerd har arva mest frå morssida, og kanskje aller mest frå mormora, Fru Winter:

Fru Winter forklarar om vinteren

Etter eit stort press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalender der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.

Førre artikkelFoxy: – Eg er berre ei vanleg søye
Neste artikkelEmma: – Eg elskar oppgåva mi som muntrasjonsråd i flokken