– Eg vil kalle aksjonen ein stor suksess. Vi fekk kartlagt store manglar på delar av gjerdet. Som ein bonus fekk vi også sjå oss litt rundt i grannelaget etter aksjonen, smiler Emilie (gjerdetestar og aksjonskoordiantor).

bilder av sau, sau, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, bw
Tilbod til dei som heller ser verda i svart-kvitt. (Foto: Håvar Fagerli)

Som kjent har alle individ sine spesielle oppgåver i flokken. I saueflokken på Fjellet er Emilie ansvarleg for å teste inngjerdinga rundt garden. Dette gjer ho med jamlege stikkprøver. Emilie er ein akrobatisk og kreativ sau, så ein kan seie at Emilie verkeleg er rett sau til jobben som gjerdetestar.

Rundt sauegarden er det over 2.200 meter med gjerde. Av dette er om lag 1.000 meter av det meir historiske slaget. Dette har Fjellaren bøta saman med hesjetreng og fargerikt tauverk. Det er nettopp i desse områda at gjerdetestar Emilie brukar å setje i gong aksjonane sine.

På eit område med det litt eldre gjerdet hadde ein hjort i løpet av natta slite og trakka ned gjerdenettingen. Kvar morgon går Emilie over eigedommen for å sjå til at gjerdet er funksjonelt. Då ho såg at gjerdet hadde vore utsett for hærverk, sette ho starks i gong med å planlegge dagens aksjon.

hjort, kronhjort
Etterlyst: Ein representant frå gjengen som driv hærverk på Fjellet. Ta kontakt med Fjellaren om de kjem over ein slik. (Foto: Håvar Fagerli)

– Når nettingen ligg nede er det viktig å sjekke om ein sau kan kome seg over, seier gjerdetestaren.

Planlegging og gjennomføring

Etter eit kort møte var saueflokken klar til å setje i gong aksjonen. Emilie kunne sjå at Fjellaren nettopp hadde funne seg ein kaffikopp, og sett seg godt til rette inne på kontoret. På signal frå Emilie hoppa første sauen over det øydelagde gjerdet.

Etter kort tid kunne Emilie konstatere at dette gjerdet var så øydelagt at samtlege 36 søyer i flokken kunne kome seg over.

– Til og med den litt slitne Shabby Sheep Bertadott kom seg glatt over, kan aksjonskoordinatoren fortelje til sauen.no

Fløytespel og kraftfôr

Etter eit vellukka  kollektivt sauesprang over gjerdet, gjekk sauene i samla flokk ned mot grannen.

– Vi har ikkje store forventningar til Fjellaren, så for å få varsla han, var det greitt å bruke meir oppegåande toføtingar, seier den erfarne sauen.

Grannen ringde Fjellaren, som var relativt raskt på plass. Rutinen etter at Fjellaren er varsla, er at han stiller seg ved ei grind, og bles i ei fløyte. – Då er det berre for oss å springe inn att på beitet. Der vert vi rikt betalt i form av kraftfôr, fortel Emilie.

– Endå ein god dag på jobben, avsluttar gjerdetestaren.

Førre artikkelRuth (20030)
Neste artikkelKosinus (20031)