14. des: Gjertine meiner at også hornlause sauer tek seg godt ut på bilde. – Sau er så mykje meir enn berre horn på hovudet.
Gjertine er lei av det store fokuset på sauer med horn på sauen.no.
– Media badar i pengar frå staten i pressestøtte, og eg tenker at sauen.no ikkje er noko unntak. Då må vi forvente at sauen.no leverer ein balansert journaslitikk der endå fleire hornlause søyer slepp til på denne nettstaden, seier den engasjerte og hornlause søya.
Gjertine meiner at ho sjølv er eit prakteksemplar av ein sau, heilt utan horn. (Sauen.no gjer merksam på at det er Gjertine sjølv som har plukka ut hovudbildet til denne artikkelen. Red. anm.).
– Eg er svært fotogen, og er eit vandrande bevis på at horn er ikkje alt, seier Gjertine.
Gjertine vil gjerne trekke fram ei anna hornlaus søye når ho får plukke ut artikklar frå arkivet.
– Mitt store forbilde, Brunetta, har gjort det stort som hornlaus søye. Brunetta har både vore ein nasjonal trendsettar for sauefrisyre og vore på norgesturne bak på ei campingvogn:
Gjertine seier ho ikkje likar å henge ut andre søyer, men vil likevel vise fram søstrene Hornfrid og Horni frå Sunnfjord.
– Eg tenker at bilda snakkar for seg sjølv her, seier Gjertine.


Etter eit stort press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalender der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.