-Ja, vi har fast følgje, kan Mikkel og Paula avsløre til sauen.no

– Det er kanskje uvanleg for vår art å ha monogame forhold, men nettopp difor står vi no fram, seier paret til sauen.no.

Vêren Mikkel vil halde seg til ei søye. (Foto: Håvar Fagerli)

Dei to tykkjer det er viktig at dei står fram i media slik at også andre som opplever det same som dei torer å stå fram.

Det er vanleg at vêrar har ein heil flokk søyer å forholde seg til.

-Eg meiner at Fjellaren må respektere at eg vil ha forhold til berre ei søye, og det er mi kjære Paula, seier Mikkel.

Paula er glad for at Mikkel vil vere saman med berre ho. (Foto: Håvar Fagerli)

– Eg tykkjer at Fjellaren må vere open for alle typar forhold i ein saueflokk. Vi lever trass alt i 2021, seier den nyforelska søya til sauen.no.

Det har ikkje lukkast sauen.no å få ein kommentar frå Fjellaren.

 

Førre artikkel-Hald avstand
Neste artikkel– Berg liv, kjøp livdyr