–  Det er paringstid på Fjellet, og her er det ingen som går over streken, seier Adam (øvst) og Agnes (under).

Både den unge vêren Adam og den meir erfarne søya Agnes seier til sauen.no at dei er rimeleg godt nøgde med prosessen. Vi møter dei etter ei god arbeidsøkt.

Begge tykkjer det er viktig å få fram at dei har eit godt samarbeid, der begge har respekt for kvarandre.

– Her er det ingen som går over streken, vi respekterer kvarandre, og er glade i kvarandre, seier dei to som gler seg til å bli foreldre i april.

Vêr-varsam-plakaten

Vi vil her på påpeike at sauen.no arbeider etter «vêr-varsam-plakaten», og at dette gjeld også på beitet. – Her har kanskje dei tobeinte noko å lære, seier Adam.

Agnes kan no slappe av, og sjå fram mot vår og søte lammebræk. For Adam er det meir hektisk.

– Eg er i min første sesong, men tykkjer det har gått veldig bra så langt. Søyene har vore greie med meg. Veldig fine søyer, veldig, smiler Adam.

Medan Adam må oppvarte 18 søyer på høgste beitet, har den meir erfarne Gunnarsen 18 andre søyer på nedste beitet. Gunnarsen fortel til sauen.no at dette er den aller beste måten å gjennomføre paringssesongen på.

– Når vi går ute saman med søyene heile tida få vi også litt tid til kos. Noko som eg meiner er viktig. Det er også ein fordel at Fjellaren held seg langt borte, og ikkje startar å bestemme kven eg skal henge med. Dette finn vi ut av sjølve, smiler Gunnarsen.

Søyene på nedste beitet kan fortelje at Gunnarsen er ein kjærleg og omsorgsfull vêr, som set søya i høgsetet. Gunnarsen rødmar når han får høyre dette.

sau, sheep, gammalnorsk spælsau, bilde av sau, foto
Kyss: Gunnarsen prøvar seg med eit kyss. (Foto: Håvar Fagerli)
Klapp: Marit likar godt klapp. (Foto: Håvar Fagerli)
sau, sheep, gammalnorsk spælsau, bilde av sau, foto, sauen
og Klem: Men ingenting slår ein god klem…. (Foto: Håvar Fagerli)
sau, sheep, gammalnorsk spælsau, bilde av sau, foto, sauen
Friluftsliv: … og ei ekte naturoppleving. (Foto: Håvar Fagerli)