Herman er luke nummer 8. (Foto: Håvar Fagerli)

8. des: Herman er ein viril, kreativ, artig og rappapapapkjefta vêr med humoristiske gener. 

Herman er fødd 30. april 2020 og er son av søya Serianna og vêren Bjørnar.

Herman debuterte i 2021-sesongen på eit nabobeite, og ingen søyer har klaga så langt. Dei var så fornøgde at Herman også denne sesongen får vere på andre sida av gjerdet.

Herman i yngre dagar. (Foto: Håvar Fagerli)

– Kva artikkel vil du trekke fram på sauen.no?

– Eg likar å sjå søyer bevege seg til musikk, og då blir det denne:

Går etter fløyta

Etter eit stort press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalender der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.

Førre artikkelSelma: – Eg likar det eg ser, og då tenker eg ikkje på sauebonden
Neste artikkelFoxy: – Eg er berre ei vanleg søye