Hesjefestivalen på Fjellet 2013

425

Hesjefestivalen 2013 vart ein braksuksess. 

Sauene fortel til sauen.no at hesjefestivalen vart ein stor suksess. – Vi kan stadfeste at deltakarane på festivalen verkeleg hesja på relativt høgt nivå. Fantastisk innsats, seier tillitssau Berta. I løpet av dagen vart det reist sju lange og staslege heser. Også Fjellaren er svært nøgd med festivalen. I skrivande stund har festivaldeltakarane gått over til andre festivalaktivitetar enn hesjing. Sauen.no kan melde om svært god stemning på Fjellet. Sauer og fjellarar takkar for fantastisk innsats under festivalen på Fjellet: Elisabet, Anders, Kristianne, Ellen Synnøve, Katrine, Ellinor, Audny, Arnhild, John, Jorunn, Tove, Tor Ivar, Per Kenneth, Audny, Kariann og Håvar.

Marknadsføringa av festivalen var svært beskjeden, men likevel stor nok til at nokre tok vegen. (Plakat: Håvar Fagerli)