Hilda er søya bak luke 19. (Foto: Håvar Fagerli)

19. des: Hilda er forkjempar for effektiv drift av garden. – Vi må kvitte oss med det svakaste leddet, altså sauebonden Fjellaren.

Hilda meiner at sauebonden på garden, Fjellaren, berre er eit fordyrande ledd. – Fjellaren heng ikkje med i den hektiske kvardagen som sauene legg opp til.

Den effektive søya meiner det hastar med å sette inn tiltak som fungerer.

– Det har vore prøvd fleire tiltak på garden til inga nytte, seier Hilda.

Overvakar sauebonden med bondebjøller

Hilda er opppteken av innovasjon og effektiv produksjon med minst mogleg bruk av ressursar.

– Sauebonden er ein unødvendig kostnad som ikkje direkte tilfører noko i verdiskapinga på garden.

Førre artikkelBærgit: – Eg går heller svolten enn å ete noko som eg kan putte i plantesamlinga mi
Neste artikkelSjanti: – Vi er ein flokk som spriker i alle retningar, og treng ein tydeleg leiar