17. des: Hjørdis er ei speleglad søye som elskar basar og satsar alt på luke 17.
Hjørdis er styrar av det lokale lotteritilsynet i flokken og står som både opplesar, gevinstansvarleg og åreansvarleg når det vert arrangert basar.
Hjørdis meiner at basar med åresal er eit heilt genialt konsept som har eit stort potensial.
– Ingenting overgår gleda av kunne rekke ei åre i været og bli eigar av ein pakke billig kaffi, seier Hjørdis.
Hjørdis vart fødd midt under eit heftig åresal 18. april 2021. Dei stolte foreldra er vêren Larsen og søya Ragna Shabbydott.
Den basarglade søya vil trekke fram ein artikkel om område lenger inne i fjorden som er kjent for å ha eit basarmiljø på relativt høgt nivå: