-Det skuffar oss at Fjellaren brukar ein heil dag på dette surret her, seier Solsikke, hobbybotanikar og pressetalssau. (Foto: Håvar Fagerli)

Solsikke er ein kjend hobbybotanikar i flokken, og reagerer kraftig på at fjellarane har fjerna tistlane på beitet. – Det er berre trist at folket har drege opp alle dei fine plantane med rota, seier ein skuffa hobbybotanikar.

Det er mykje sauene ikkje forstår av fjellarane si framferd. Denne sommardagen i 2015 vart endå eit døme på galskapen som regjerer på garden.

– Tistlar er ikkje mat, det er pynt!

– Tenk at fjellarane gjekk ein heil dag og drog opp  tistlar. Desse plantane er stort sett dei einaste fargerike plantane vi har på beitet, og no står det berre igjen nokre stygge hol i    jorda. Vi har hatt ei føring i flokken, der vi har unngått beiting av desse flotte plantane. Dette har fungert utmerkt, og vi hadde heilt fram til i dag ei fantastisk stor samling av tistlar på beitet, fortel Solsikke, hobbybotanikar og pressetalssau.

Ein annan sau som er skuffa i dag, er Ulla-Britt, som fungerer som frisørkontakt i flokken.

– Desse tistlane var heilt supre ullrullar, seier den forarga og relativt ullinteresserte sauen.

Det er ikkje berre på garden Fjellet at tistlane har vore ein verna art for sauene.

– Vi har ein landsomfattande kampanje der vi ikkje har ete tistlar. Vi håpar inderleg at  andre sauebønder ikkje behandlar sauer like dårleg, og fjernar tistlar med rota. Det er trist å sjå at så mange år med ikkje-beiting av tistlar bokstavleg går opp i røyk, avsluttar Solsikke.

Vil saksøkje Fjellaren

Kjernern til konflikta.

Sauen.no er kjend med at Solsikke har fått med seg resten av flokken på eit opprop mot Fjellaren, der dei trugar med søksmål og erstatning for tapet av tistlane.

Det har ikkje lukkast å få Fjellaren i tale, då han ligg langflat på sofaen i den trua at han har gjort noko bra denne arbeidsdagen.

Fjellaren fjerna to slike lass med tistlar frå beitet. (Foto: Håvar Fagerli)