6. des: Ikkje alle søyene på Fjellet er like fornøgde med namnet sitt, ei av dei er Hohi.
Hohi er fødd 16.04.2021, og er dotter av søya Sara og vêren Brede.
– Kvifor likar du ikkje namnet ditt, Hohi?
– Det er ikkje kjekt å berre vere Hohi, når eg helst vil vere Ho, seier Hohi.
(Forklaring frå språkseksjonen i sauen.no: «Ho hi» kan omsettast til «hun andre» på riksmål).
– Kva artikkel vil du trekke fram frå arkivet på sauen.no?
– Det er i alle fall ein mager trøyst å i det minste å få vere Hohi. Det er ikkje alle som får eit namn, men berre må nøye seg med eit nummer. Då blir det denne om alle som drøymer om eit liv som livdyr:
– Kva tykkjer du om Fjellaren?
– Han kan i alle fall ikkje å gje namn til sauer.
Etter eit stort internt press frå enkelte ekstroverte individ i saueflokken har sauen.no gått med på å lage ein adventskalendar der nokre av desse sauene legg seg ut på nettet. Kvar dag fram til 24. desember må vi dessverre plagast med dette både på sauen.no, Instagram og Facebook.