Biletet som viser ein sterk lysstråle over saueflokken har verkeleg sett sauehjernene i sving. Der er langt fleire spørsmål enn svar, og sauen.no er sjølvsagt på saka.

Det var ein fin dag, med låg haustsol rett imot, at Fjellaren tok eit bilete av den beitande saueflokken. Sjokket vart stort då han såg gjennom bileta. Kva hadde han vore vitne til? Han sende sjølvsagt fotografiet rett til sauen.no. På biletet ser vi lys frå ei sterk lyskjelde skine konsentrert ned mot flokken.

Religiøst eller utanomjordisk

– Vi har heilt klart vore utsett for noko religiøst eller noko utanomjordisk, seier Paula (alternativ sau).

bilder av sau, sau, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, gammalnorsk spælsau
Paula Oddveigdott. (Foto: Håvar Fagerli)

Paula er ein sau som meiner at der er meir mellom himmel og jord enn vi er klar over. Likevel er ho ikkje heilt sikker på om det er eit religiøst eller eit utanomjordisk besøk dei no har vore vitne til.

Det er fleire i flokken som hellar meir mot den religiøse teorien.

– Saueflokkar har spelt ei viktig rolle i religiøse forteljingar tidlegare, så kvifor ikkje oss denne gongen, spør tillitsau Oddveig.

bilder av sau, sau, lerret, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, gammalnorsk spælsau
Oddveig Kosinusdott. (Foto: Håvar Fagerli)

Andre søyer meiner at saueflokken har  fått besøk av utanomjordiske søyer frå ein annan planet.

– Det er berre å sjå seg rundt, seier Haldis, som den siste tida har vore noko skeptisk til sine medsystre.

bilder av sau, sau, lerret, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, gammalnorsk spælsau
Haldis. (Foto: Håvar Fagerli)

Emilie (sjølvgåande sau) meiner at desse utanomjordiske har kidnappa med seg søyer frå Fjellet, og siktar til at flokken har minka noko den siste tida. Skeptikarane til denne teorien meiner at desse forsvinningane heller kan ha samanheng med ein kvit lastebil.

bilder av sau, sau, lerret, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, gammalnorsk spælsau
Emilie. (Foto: Håvar Fagerli)

Ein annan teori

Den kanskje mest fantastiske teorien som har versert blant søyene kjem frå Brunetta, jordnær og hornlaus sau:

– Det er nok snakk om eit optisk fenomen som heng saman med at biletet er fotografert mot sola, seier søya som er kritisk til at sauen.no skal skrive om alt og ingenting. – Ein treng ikkje lage ei sak av absolutt alt, avsluttar søya som er svært misnøgd med det redaksjonelle arbeidet til sauen.no

bilder av sau, sau, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, gammalnorsk spælsau
Brunetta. (Foto: Håvar Fagerli)
Førre artikkelGjertine (80048)
Neste artikkelLarsen (70102)