Mari Didrikke: – Eg jobbar kvar dag for å glede dei rundt meg
520
Bak luke finn vi sjølvsagt Mari Didrikke. (Foto: Håvar Fagerli).
24. des: Mari Didrikke er ein kulturarbeidarsau som kvar dag skal jobbar iherdig for å glede dei rundt seg. – Eg vil på vegner av sauen.no ynskje alle ei god jul, seier Mari Didrikke.
Mari Didrikke er dotter av tillitsau Oddveig, som innrømmer ho er veldig stolt av Mari Didrikke.
– Det er ikkje småtteri å vere kulturarbeidar. Ein skal ha stor arbeidskapasitet, vere kreativ og løysingsorientert, ha svært godt humør, sørvisinnstilt og levere tenester av høgste kvalitet, seier Oddveig. Sjølv om tillitssauen er noko inhabil, så meiner ho at Mari Didrikke har alle desse eigenskapane.
Kultursøya var også fager som lam. Mari Didrikke vart fødd 24.04.2020, og er dotter av Adam og Oddveig. (Foto: Håvar Fagerli)
Sauen.no er kjent med at alle sauer er kulturarbeidarar i den forstand at dei jobbar iherdig for å ta vare på kulturlandskapet. Her kjem Fjellaren inn med ein kommentar.
-Men det å vere kulturarbeidar i denne flokken på Fjellet, inneber så uendeleg mykje meir. Skal ein flokk fungere optimalt, må flokken ha kulturelle opplevingar saman. Då må nokon planlegge og organisere dette. Ein kvar flokk treng ein som kan arbeide for å glede andre. Det er berre dei aller beste søyene som blir plukka ut til dette. Og Mari Didrikke er heilt spesiell, seier den elles ordknappe Fjellaren til sauen.no.
Mari Didrikke og resten av flokken på tur i høgda med Stadlandet og Stadhavet i bakgrunnen. (Foto: Håvar Fagerli)
No skriv vi 24. desember 2022, og julekalendaren til sauen.no er komen i mål.
– Tusen takk til alle som har følgt oss i desember. Vi håpar at de vil henge med vidare. Ta vare på kvarandre der ute, og ha ei god jul!
Takk for oss! Her kjem rulleteksten:
Oddveig er bak luke nummer 1.Saudny er luke nummer to. (Foto: Håvar Fagerli)Serianna er tredje luka i kalendaren. (Foto: Håvar Fagerli).Elesysta gøymer seg bak luke 4 i kalendaren til sauen.no. (Foto: Håvar Fagerli)Fjeli er søye nummer 5.Hohi er sjette sau ut i kaldendaren til sauen.no. (Foto: Håvar Fagerli)Selma er bak luke nummer 7.Herman er luke nummer 8. (Foto: Håvar Fagerli)Foxy er bak luke nummer 9.Gerd er luke nummer 10.Emma er sau nummer 11 i denne kalendaren. (Foto: Håvar Fagerli)Mikkel er bak luke 12. (Foto: Håvar Fagerli)Bjørnhild skjuler seg bak luke 13. (Foto: Håvar Fagerli)Gjertine er bak luke nuummer 14. (Foto: Håvar Fagerli)Den glade Synna gøymer seg bak luke nummer 15. (Foto: Håvar Fagerli)Vêren Brede er bak luke 16. (Foto: Håvar Fagerli)Hjørdis er ein spelegal sau som elskar basar som satsar alt på luke 17. (Foto: Håvar Fagerli)Bærgit er ein botanikar og representerer 18. desember i denne kalendaren. (Foto: Håvar Fagerli)Hilda er søya bak luke 19. (Foto: Håvar Fagerli)Sjanti, som er bak luke nummer 20, drøymer om eit liv med disiplin der alle går i takt. (Foto: Håvar Fagerli)Samantha er tvillingsøstra til Foxy, og er å finne bak luke 21. (Foto: Håvar Fagerli)Bak luke nummer 22 finn vi sjølvaste Sjølvaste. (Foto: Håvar Fagerli)Dagen før dagen dukkar Frøydis opp bak luka. (Foto: Håvar Fagerli)Bak luke finn vi sjølvsagt Mari Didrikke. (Foto: Håvar Fagerli).