– Marit Bjørgen er inspirasjonen

– Marit Bjørgen er inspirasjonen

Marit Bjørgen er inspirasjonen

Image link

Foto: Håvar Fagerli

På same dag som Marit Bjørgen gjekk inn til historisk gull i Pyeongchang gjekk Agnes inn til siger i beitemeisterskapen på Fjellet.

– Marit Bjørgen er heilt fantastisk og vi alle er mektig imponert over kva ho har utretta, seier Agnes. Ho vil dedikere sigeren på beitet i dag til Marit Bjørgen.

Det er kjent at sauer blir haldne utanfor den organiserte idretten, og Agnes håpar at dei snart kjem inn i varmen. I kampen om å bli akseptert på OL-programmet til liks med hestar, så finn sauene inspirasjon gjennom andre sine store idrettsprestasjonar.

Gjer andre gode

– Bjørgen er ein kjempeinspirasjon for sau som driv med sport. Marit Bjørgen er også ein lagspelar som gjer dei ho har rundt seg gode, og det likar vi, seier Agnes.

Sauen.no gratulerer både Marit Bjørgen og Agnes med store idrettsprestasjonar i dag.