Det er vår, og det kjem stadig nye medlemmer i flokken Fjellet. Det første som møter dei er Fjellaren.
– «Mor, eg vil tilbake» er difor ein song som passar godt til det som møter dei nyfødde lamma, seier Oddveig, som også er tillitssau for nykommarane.
– Vi er kjent med at vi er inne i ei heilt spesiell tid. Det er mange som har det tøft som følgje av korona-viruset. Ein uheldig konsekvens for oss i denne korona-tida, er at Fjellaren ikkje reiser til fastlandet for å arbeide.

Oddveig opplyser til sauen.no at lamminga i år så langt har gått overraskande bra, sjølv om Fjellaren har blanda seg vel mykje inn. – Vi har i grunnen prøvd å oversjå han, og lure han over på andre arbeidsoppgåver slik at han ikkje går i vegen. Akkurat det har fungert veldig bra, smiler tillitssauen.
Under kan de høyre songen «Mor, eg vil tilbake» av Jan Eggum, medan de kan sjå bilete av nokre av nykommarane til flokken. Sauen.no ynskjer både lam, sauer og Fjellaren lukke til framover! Det er ei spesiell tid, på alle måtar.




