Haldis (avgått tillitssau) er svært kritisk til tørken som har vore både i redaksjonen til sauen.no og på beitet den siste tida. – Dette hadde aldri hendt i mi tid, seier den tidlegare tillitssauen.
Sauen.no har ikkje gjeve frå seg livsteikn sidan tidleg i mai. – Kva er det som skjer. No må sitjande tillitssau, Oddveig og den såkalla sauebonden, Fjellaren sjå til å vakne, seier den arge sauen.
Det har ikkje lukkast for sauen.no å få fatt i Fjellaren. – Han svimar vel rundt på fastlandet og sparkar i grusen, kommenterer Haldis.
Siesta

Oddveig kjem med følgjande kommentar til at det vore stilt på sauen.no siste månaden:
-No har det seg slik at Fjellaren stort sett har vore fysisk fråværande siste månaden. Vi er vane med at han stort sett heile tida er mentalt fråværande. Men no har altså denne sauebonden sysla med andre saker, og då har det vore svært så fredleg på beitet. Det har berre vore fryd og gaman, så då har det blitt nyhendetørke. Det ioroniske er at det i den same perioden har vore tørke, altså fråvær av nedbør, seier Oddveig (tillitssau).
Tillitssauen seier at både klima og Fjellaren sitt fråvær har gjort at sauene har hatt ein månad lang siesta.
Kasta ulla
Sauen.no er kjent med at ei av søyene, Fru Sauterne, til og med har kasta av seg ulla på bakparten som følgje av klimaet siste månaden. – Dristig, men sikkert behageleg, er kommentaren frå ei av dei meir konservative søyene.

I næraste framtid kjem saueklipparen til garden, og då skal til og med den mest konservative søya få sprade rundt i nettoen.
