Nytt sunnfjordblod på plass

Nytt sunnfjordblod på plass

Nytt sunnfjordblod plass

Image link

Foto: Håvar Fagerli

Svigermora på garden kjem opphavleg frå Sunnfjord, og gler seg over at to nye sunnfjordingar er komne til gards.

Denne hausten reiste Fjellaren saman med  mentoren sin, Torbjørn, på endå eit tokt til Førde. Målet for reisa var nye vêrar til kresne og krevjande søyer på Barmen.

Noko av det siste tillitssau Berta sa før ho pensjonerte seg var: – Fjellaren  har den lettaste jobben på garden. Det einaste han skal gjere er å servere oss  mat med godt tilbehør om vinteren. Og det viktige tilbehøret er naturlegvis virile og staselege vêrar.

Fjellaren tek denne oppgåva svært seriøst, og dette er grunnen at han reiser heilt til Førde når vêrane på garden skal bytast ut. Odd Wie Schei har eit svært godt omdøme blant oppdrettarar av gammalnorsk spælsau.

I 2012 henta Fjellaren 15 søyer og to vêrar frå besetninga til Schei.

Fjellaren kan fortelje til sauen.no at dei vart vitne til ein rekord då dei henta vêrar av Schei. Under veginga av vêrlamma viste set seg a eit av vêrlamma vog heile 64 kg. I tillegg kunne ei av søyene skilte med ein avdrått på godt over 140 kg i haustvekter dette året. Fjoråret hadde òg vore svært godt for Schei, der den gjennomsnittlege haustvekta på alle lamma var 46,44 kg.

– Dette lovar bra, seier Fjellaren til sauen.no.

Relaterte innlegg