Oddveig vart i ekstraordinært sauemøte i dag samrøystes vald som ny tillittsau på Fjellet.
Tidlegare i dag valde Haldis å trekkje seg frå vervet som tillitssau.
– Eg gjer dette som følgje av ei uheldig posting på Facebook, opplyser Haldis.
– No var det vel strengt tatt Borghild som ytra seg uklokt på nettet. Kvifor er det då du som går av?
– Når ein har eit tilitsverv må ein ta ansvar, svarar ex-tillitssauen, og viser til at dette også er litt i tida.
Nye utfordringar

Haldis ser framover, og siktar mot nye utfordringar.
-No vil eg prøve meg som sauebonde. Eg er klar til å ta steget. Og kven veit vel meir om sau enn nettopp ein sau. Spesielt innanfor kommunikasjon vil eg kunne ha ein heil del å bidra med, seier Haldis.
Tidlegare har Haldis vore tydeleg på at ho ville halde på tillistvervet å lenge som mogleg, kanskje på livstid. Men har altså gått tilbake på dette no.
– Eg ser at andre som praktiserer tillitsverv på livstid ikkje er så populære i andre flokkar. Og eg ser at verda er litt større enn beitet på Fjellet, så då er det berre å sjå framover, seier den kloke sauen.
Fotomodell

Medan ein sau trekkjer seg ut, kjem ein ny sau inn. Oddveig har hatt eit engasjement hjå sauen.no som fotomodell, og er å finne som logo på både Twitter, Instagram og Facebook.
Dette er endå eit prov på at ein kan kome langt med eit kjent andlet. Men Oddveig er også ein klok og omtenksam sau, som er klar til å kjempe for flokken sine rettar.
– Eg ser fram til å ta fatt på dette viktige vervet, seier den nye tillitssauen.
Vi ynskjer både Haldis og Oddveig lukke til. Så oppfordrar vi Borghild til også å søkje nye utfordringar i næraste framtid.