– No bles det nordavind. Det er tele i marka, is på Fjellvatnet. No vil eg har vår! Trur eg er blitt vêrsjuk, seier ei nedtyngd Oddveig Kosinusdott.

Sauen.no ber Fjellaren om ein kommentar til dette, og får følgjande svar:

– No har det seg slik at det er ei tid for alt. Våren er tida for lamming, og hausten er tida for paring, seier Fjellaren.

Vi prøver å fortelje Fjellaren at Oddveig har ei anna sykje enn den Fjellaren uttaler seg om, men utan hell. Fjellaren er så godt nøgd med svaret at han berre står og seier «Vår er lamming og haust er paring». Høgt for seg sjølv, fleire gongar.

Sauen.no må berre konstatere at det er vanskeleg å kommunisere med dei som berre høyrer si eiga røyst.

Så får vi håpe at Oddveig Kosinusdott og alle andre snart kan kjenne på god og varm vårluft.

bilder av sau, sau, bilde av sau, gammalnorsk spælsau, sheep, photo of sheep, bw, gammalnorsk spælsau
Tilbod til dei som heller ser verda i svart-kvitt. (Foto: Håvar Fagerli)
Førre artikkelNamnlaus sau (20034)
Neste artikkelNamnlaus sau (20035)