– Laurdag 1. september 2012 sette vi gong ein aktivitet som avslørte at til meir vi går inn og ut av beitet, til meir sauemjøl får vi servert av Sauebonden, fortel Berta.

Tillitsau Berta fortel:

«Sauebonden hadde vore på hjortejakt tidlegare på dag, og ville glede oss med litt ekstra karbohydratar inne i fjøsen. Dette er eit trivselestiltak som vi set stor pris på. I ettertid kan vi kanskje difor innrømme at vi har litt dårleg samvit etter episoden som utspann seg denne ettermiddagen.

Når vi skal få sauemjøl brukar Sauebonden å slå på ei metallbøtte, og vi spring då rett inn i fjøsen. Alt var som vanleg. Vi sprang inn. Sauebonden hadde dandert «formel sau» frå Felleskjøpet  fint utover traua. Det var ei god stemning, og nokre av oss vart i kanskje vel godt humør. Det heile starta med at Fjellrose, hobbybotanikar og leiar i hagelaget, lenge hadde hatt lyst til å sjå kva vekstar som bløma rundt om i hagane på denne tida. R 10008 såg at det einaste hinderet mellom traua inne i fjøsen og hagane utanfor var ein liten Euro-palle. Det var berre eit veldig lite puff som skulle til for å flytte litt på pallen, og så bar det ut på hagevandring. Fjellrose leia ann, og fekk med seg to-tre andre hageinteresserte.

Vi andre såg at Sauebonden vart litt stressa. Han gjekk rett bort til mjølsekken for å fylle opp bøtta, så sprang han ut etter Fjellrose og co. Dette vart sjølvsagt spanande å sjå, så vi andre gjekk etter. Men då vi kom ut gjennom fjøsdøra, hadde dei andre gått inn att på beitet saman med Sauebonden. Då han såg oss utanfor gjerdet gjekk han inn att i fjøsen med svært bestemte steg. Det vart sjølvsagt litt einsamt for den vesle flokken til Fjellrose å vere åleine i beitet, så medan Sauebonden var inne i fjøsen, kom dei ut att til oss. Då var vi alle 29 dyra samla i hagen til naboen. Triveleg med utflukt, tenkte vi.

Sauebonden var noko raud i toppen då han kom ut av fjøsen med full mjølbytte. Han slo hardt på bøtta, som eit tydleg signal om at no var det endå meir sauemjøl å få. Nokre av oss ville heller ha sauemjøl enn hagevekstar, og traska inn att i beitet. Sauebonden let at grinda, og sprang over til gjengen i hagen igjen. Her fekk dei servert mjøl i små porsjonar på vegen, med jamne mellomrom, heilt bort til beitet igjen. Sauebonden let opp grinda, og dei som hadde vore i hagen gjekk inn, medan vi andre gjekk ut. Dette var tydlegvis ikkje heilt slik Sauebonden hadde planlagt det. Det bar inn att i fjøsen med Sauebonden, og endå ei stappfull bøtte med sauemjøl var klar til servering.

Då vi til slutt var samla alle saman i beitet igjen, summerte vi opp at Sauebonden hadde diska opp med heile fem fulle bøtter med mjøl. Den kvelden var det mykje latter i flokken, og litt mageverk.»