21. des: Samantha var svært positiv til å stille opp i sauen.no sin julekalender, men vart fort skuffa over konseptet. – Eg hadde gleda meg til posere i ein heilt annan type kalender, seier den jurfagre søya.
Samantha er litt meir frampå enn tvillingsøstera, Foxy, og hadde store planar om eit karrierehopp med å delta på sauen.no sin julekalender.
– Eg kjenner meg lurt og misbrukt av dei som står bak denne såkalla julekalenderen, seier Samantha til sauen.no.
Samantha drøymer om å bli kalendarsøye, men strevar med å få med seg resten av flokken på eit slikt prosjekt.
– Alt var betre før. I 2012 var det populært med kalendrar med lettkledde skapningar, og då prøvde også flokken seg på det:
Samanta er til liks med Foxy fødd 30. april 2017 og er dotter av søya Olga og vêren Gunnarsen.