Fjellaren var så heldig å vere gjesteskribent i Buktabladet i julenummeret i 2010. Sidan han skriv om sau, har sauen.no valgt å publiserere innlegget på nettstaden vår.

Livet som sauebonde på lågt nivå

Eg er veldig glad for at eg får æra av å vere gjesteskribent. Buktabladet er for meg eit av høgdepunkta i ein kvar jule- og påskeferie. Sidan det no er ribbesesong, var det ikkje vanskeleg å tenkje ut emne for denne teksten. Eg har registrert at sauebonden ikkje er den som får mest spalteplass i media. Det vil eg gjere noko med, og vil difor skrive litt om korleis det er å vere sauebonde på eit til dels svært lågt nivå.

På saueleiting

Då eg var ein sunnare ungdom enn eg er i dag, var eg så heldig å få vere med på saueleiting. Både mardalsbøndene og fitjebøndene fekk gleda av å instruere ein lettare forvirra leigekar frå Lasse. Sidan saueleitinga ofte starta på ein torsdag, måtte eg ta fri frå skulen. Både Gloppen ungdomsskule og Firda vidaregåande skule tykte at dette var eit fråvær som var matnyttig for eleven, og gav meg fri. I dag livnærer eg meg og ein liten saueflokk med å arbeide som lærar på dagtid. Difor har eg no sett på saueleitinga ut frå eit meir skulefagleg syn, og kan seie eg deler oppfatninga til lærarane mine. Under saueleitinga var eg fysisk aktiv. Eg fekk òg utvida det norske språket mitt, då saueleitarkollegar ropte fargerike gloser i walkie-talkien til kvarandre. Dette hende som regel når sauene var usamde i vegvalet, og sprang opp att på steinhylla der dei kom i frå. Etter lange dagar i fjellet, var det godt å kome ned til selet. Her vart det servert herleg middagsmat. Eg hugsar at det til og med var med eigne kokekarar på nokre av leitingane. Ein dag eg kom inn i selet, fortalde eg at var så veldig tørst. Ein omtenksam saueleitar gav meg eit glas, som eg trudde inneheldt god og frisk bringebærsaft. I så fall var det den sterkaste bringebærsafta eg hadde smakt til den tid. Sidan eg var så tørst, var eg allereie før seg sette glaset til munnen, bestemt på å sluke innhaldet i ein einaste stor slurk. Eg greidde difor ikkje stoppe då eg kjende at det ikkje var vanleg saft i glaset. Den gåvmilde saueleitaren tenkte vel sitt, og ville ikkje by meir vin til ein slik stordrikkar. Kva skulefag denne episoden kjem under, er eg litt usikker på. Uansett vart matematikkunnskapane sett på prøve då ein heile tida skulle telje sauer. Saueleitingane er nokre av dei mange gode minna frå oppveksten i Bukta. Det var eit fellesskap, der både eldre og dei mindre erfarne saueleitarane samarbeidde, og hadde svært triveleg saman. Eg kan difor seie at saueleitinga var eit godt tverrfagleg prosjekt som var med på å utvikle meg til den eg er i dag. 

 

Sauene på Fjellet blir baksnakka av Fjellaren i lokalt magasin i Gloppen. (Foto: Håvar Fagerli)

Draumen om eigen flokk

Sjølv om eg kunne ha mareritt om sauer som sprang til alle kantar, og ikkje ville gå der eg ville, opplevde eg sauer som nokre fantastiske dyr. Lyden og synet av mange hundretals sauer samla i inngjerdingane på mardalsstøylen og i Langedalen, var mektig. Eg tenkte at ein dag ville kanskje eg vere eigar av ein slik flott saueflokk. Og i 2010 vart draumen verkeleg. I dag kan eg gå ut på altanen, og nyte synet av min eigen flokk på øya Barmen. Nokre kloke menneske har sagt at det ikkje er storleiken det kjem ann på. Saueflokken min tel seks sauer av rasen Norsk gammal spælsau, ein vêr på lån og ein minivêr som ingen andre ville ha.

Å vere sauebonde er eit fint liv. Eg er ikkje sikker på om eg har lov til å kalle meg sauebonde, og håpar at eg ikkje fornærmar nokon med å ta meg ein slik tittel. Uansett kan sauehaldet by på nokre utfordringar for ein mindre erfaren sauebonde. Mattilsynet godkjente til slutt kona mi og meg som eigna saueeigarar. Eg registrerer her at om ein er skikka til å eige sauer, er ein av det offentlege sett på som skikka til det meste. Altså ei stor tillitserklæring som eg skal bruke for alt det er verdt. Den store dagen for kjøpet av sauer gjekk bortimot smertefritt. Sauene gjekk noko motvillig inn i bilen, og handelen vart markert med Mozell i stetta glas. Eg var no eigar av seks trivlege sauer og ein minivêr som eg fekk på kjøpet. Det vart av seljaren fortalt at minivêren var ein krabat som var flink til å bryte seg ut av alle slags gjerde, og gjekk under tilnamnet ”Tylen” og ”Nullet”. Dette vesle vêrlammet skulle eg få heilt gratis opp på handelen. Om eg ikkje tok i mot han, ville han bli slakta omgåande. Eg kjende meg som ein svært dumsnill sauebonde då eg pakka han fint inn i bilen. ”Tylen” vart fort døypt om til ”Tussi” av døtrene mine, og har oppført seg svært fint sidan han høyrde kva alternativet var. Eg kan difor glede alle Buktabladet sine lesarar med at ”Tussi” ikkje blir å finne på middagsbordet, ikkje denne jula i alle fall.

Den vesle trivelege saueflokken ser ut til å trivast i bakkane over Fjellvatnet på Barmen. Garden ligg i grenda som vert kalla Fjellet, i bratt terreng om lag hundre meter over havet. Det ligg tre andre bruk i grenda, men det er berre vår gard som no driv jorda. Den vesle saueflokken har difor eit luksusproblem, der dei har ganske mykje beite dei skal arbeide på. Eit av tipsa eg har fått frå meir erfarne sauebønder, er å gjerde inne fleire mindre beite slik at sauene beitar godt ned. Eit hjelpemiddel til dette er elektrisk netting. Det kan her vere greitt å teste om straumen kjem fram i enden av inngjerdinga. Til dette anbefalar eg å bruke svigerforeldre. Det har i alle fall fungert svært bra her på bruket.

Fjellet. (Foto: Håvar Fagerli)

Sauer på rømmen

Eg må som sagt arbeide som lærar for å halde saueflokken med kraftfôr, gjerde, saltstein og anna dei måtte trenge. Ein dag fekk eg ein alarmerande telefon frå svigermor som fortalde at heile saueflokken hadde stukke av frå inngjerdinga. Eg hadde nettopp hatt eit lengre innlegg på jobb, der eg la ut om det solide gjerdearbeidet som var utført på garden, og at mine sauer aldri braut seg ut. Denne meldinga frå svigermor passa difor svært dårleg.

Vi bur som sagt på øya Barmen. Øya er nesten ni kvadratkilometer, og det aller meste av dette er lynghei, skog og fjell. Det ville seie at eg no måtte ta i bruk kunnskapane mine frå karrieren som saueleitar i gloppefjella. Sauene mine er veldig glade i kraftfôret Favør 80, og kjem springande når eg slår på ei metallbøtte som inneheld dette kraftfôret. Eg fylte metallbøtta, og fann meg ein pinne til å slå med. Så starta det som mange kanskje vil karakterisere som ganske så alternativ saueleiting. Eg saumfor fjella ovanfor garden medan eg ropte, lokka og slo på metallbøtta.

Fjellvatnet, som ligg nedanfor garden, er eit svært populært fiskevatn. Og nettopp denne dagen var det fullt av ivrige sportsfiskarar som ville nyte fiskelukka og stilla rundt vatnet. Men det vart ikkje mykje stilt den ettermiddagen. Den engstelege sauebonden som gjekk opp i dalsida byrja å bli redd for at sauene hadde sprunge seg utfor eit av stupa. Redsla gjorde at ropa, lokkinga og slaga mot metallbøtta auka i intensitet. Og sportsfiskarane tenkte vel at det no hadde det klikka for endå ein barmar. Dette fekk eg stadfesta då eg seinare snakka med ein kjenning som hadde fiska i Fjellvatnet den aktuelle dagen. ”Den dagen fekk eg bekrefta alle fordommane eg hadde mot dei innfødde på Barmen,” sa han. Eg kunne då trøyste alle dei innfødde og dei med fordommar, med at eg berre er ein innflyttar frå Bukta. Saueleitinga enda godt. Svigermor fann sauene nede på eit gammalt beite, og eg veit no at det kan vere lurt å leite nærast husa før ein spring heilt i høgfjellet.

«Velsevêren» Hallgeir. (Foto: Håvar Fagerli)

Veslevêren

Erfarne sauebønder har tipsa meg om følgjande: Om ein ynskjer å slå seg opp med ein større flokk, kan det vere lurt å ha ein vêr i flokken. Eg inngjekk avtale med annan sauebonde på øya. Han fortalde at den aktuelle vêren er onkel til sauene mine, men sidan vi er på øy er vi ikkje så nøye på akkurat dette. Som på mange andre isolerte stader her i landet, er stort sett alle innbyggjarane i slekt. Dette ser ut til å ha fungert greitt, og då går det sikkert bra med sauene òg. I alle fall fekk eg tilbod om å låne ein vêr over vinteren. Betalinga skulle berre vere at eg vinterfora vêren. Altså ei god avtale. Vêrar hadde eg lite erfaring med, og var litt usikker på korleis eg skulle handtere dette dyret for å få det heim. Eg tenkte at det kunne vere lurt å ha med seg litt ekstra mannskap når eg skulle hente vêren. Tidleg i hjortejakta hadde eg tilfeldigvis eit jaktlag på besøk. Vêrfanging kunne kanskje vere ein god alternativ aktivitet for desse hjortejegerane mellom slaga i hjorteskogen. Eg kjende meg trygg på at dette skulle gå bra, no som eg hadde eit heilt jaktlag i ryggen. Eg venta spent på telefon frå vêreigaren heile helga. Men meldinga frå bonden var at ein måtte utsetje hentinga. Helga var over, og eg vinka farvel til jaktlaget som vart snytt for ei spanande oppleving.

Rett etter avskilsseremonien med jaktlaget ringde sjølvsagt vêreigaren, og sa at no var det på tide å hente vêren. I bilen nedover gjekk mange tankar gjennom hovudet mitt. Eg såg føre meg alle dei verste scenario som tenkjast kan. Ein svært uerfaren sauebonde skulle no fange eit stort beist av ein vêr. Vêreigaren (70) møtte meg i innkøyrsla. Eg fortalde at eg ikkje var så høg i hatten, men roa meg noko, då eg fekk vite at det var ”veslevêren” eg skulle få låne. Eg såg då føre meg ”minivêren” heime, og tenkte at ein så liten krabat neppe kunne greie å gjere ”sakene”. Han ville ikkje rekke opp. Eg såg føre meg mange timar arbeid, der eg måtte løfte den vesle vêren opp på søyene. Overraskinga var stor då eg fekk auge på ”veslevêren”. Etter berre eit lite glimt av “veslevêren” vart alle fordommane mine gjort til skamme. Denne vêren ville definitivt greie å hoppe opp på ein sau, og vel så det. ”veslevêren” var akkurat like stor som ”storevêren”.

Alt gjekk heldigvis så fort at eg ikkje rakk å gru meg igjen. Den 70 år gamle sauebonden hoppa brått inn i sauebingen for å fange ”Veslevêren”. Det utvikla seg fort til ein svært livleg runddans, som leikarringen i Gloppen berre kan misunne. 70-åringen klorte seg fast opp på vêren. Brått gjekk vêren frå å vere ein fredeleg drøvtyggar til å bli eit sprelsk villdyr. Eg kunne ikkje berre stå å sjå på at vêren mishandla den eldre herren, og kasta meg inn i dansen så godt eg kunne. Vêren overbeviste alle at han fint kunne greie å danse med to mannfolk opp på seg. Etter at vi hadde fått stadfesta at dei store horna til vêren fungerte, greidde vi til slutt å få tau på han. ”Veslevêren” roa seg, og gjekk greitt inn i varebilen. Han oppførte seg eksemplarisk på bilturen oppover bakkane. ”Veslevêren” fann seg fort til rette i den nye flokken. Og berre nokre timar etter den spenstige dansen, kunne vêren ete mjøl ut av handa mi. Ein triveleg kar som eg no har blitt svært så glad i.

Paringstid og svigermor

Det kan vere lurt å ha eit godt forhold til svigerforeldra. Det har eg, spesielt i paringstida. Eg vil her minne lesaren om at denne teksten handlar om sauehald. Svigerforeldra mine bur strategisk til rett ovanfor sauebeitet, og kan med det følgje nøye med på ulike aktivitetar i saueflokken. Sauene mine er utegangarsauer, som likar seg best utandørs uansett vêr. Dei har tilbod om å gå inn i fjøsen, men der er dei berre når dei får mat. Sjølv om hauststormen slår inn frå storhavet, skal sauene absolutt stå ute og bli gjennomblaute.

Sauene mine er nokre skikklege friluftselskarar, og formeiringsarbeidet i saueflokken vert stort sett gjennomført ute i det fri. Og det er her svigerforeldra mine kjem inn. Som ivrige og dyktige observatørar. I starten utspann kommunikasjonen mellom meg og svigermor seg mest i språklege omvegar. Men det vart fort eit meir direkte språk over telefonen mellom meg på lærarjobben og observatøren ovanfor sauebeitet. På skulen der eg arbeider, sit vi eit kontorfellesskap, og det er difor vanskeleg å unngå at andre høyrer kva ein snakkar om i telefonen. Lærarkollegane sperra difor opp auga då eg ein dag stilte følgjande spørsmål til svigermor: ”Har det vore noko paring i dag, svigermor?” Eg har ikkje utdjupa dette til kollegane mine i ettertid, men dei tenkjer vel sitt. I følgje svigermor blir det altså lam til våren, og det skal bli kjekt.

(Dette er skrive av Fjellaren, så det er berre å orsake. Red. anm.)